Lokal | 08. mars 2019

Med hjartet i halsen kvar dag

Trine Lindborg har vore uroa over E39 gjennom Søfteland lenge - no seier Statens vegvesen seg dels samd i situasjonen.

Med hjartet i halsen kvar dag
– Eg køyrer her kvar dag - med hjartet i halsen. Trine Lindborg (Ap) har uroa seg over trafikken gjennom Søfteland i ei årrekkje. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)  
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighfredag 08. mars 2019 13:56

Ordførar-kandidaten frå Bjørnafjorden Arbeiderparti er fast medlem i plan- og bygningsutvalet.

Innmelding av trafikksaker er ein fast post i møta. Taktikken er enkel; om utvalsmedlemmene får innspel eller, til dømes, ser noko når dei er ute på synfaring, vert det dette løfta i møtet.

Leiar for PBU, Gustav Bahus (Frp), tek eventuelle merknadar med seg vidare til trafikksikringsutvalet, kor han òg er leiar.

Situasjonen med gangfelta og trafikken gjennom Søfteland er eit tema Lindborg har løfta gong på gong i fleire år no.

Vondt i kroppen

– Eg køyrer til og frå arbeid på Sandsli kvar dag. Kvar dag kjenner eg at det knyt seg når eg nærmar meg Søfteland. Kjem du frå Os, byrjar det med gangfeltet Smoget-Helglybakken. Her får du lysa frå motgåande trafikk rett i fleisen på ein ekkel måte då dei er høgare oppe enn deg. Då er det lite du får med av kva som skjer på sidene av gangfeltet, som heller ikkje har rett og tilstrekkeleg belysning.

At fartsgrensa langsmed skulen vart redusert til 40 kilometer i timen ser Lindborg på som eit godt tiltak, men for henne er det gangfeltet ved Joker-butikken som uroar henne mest.

– Her er fartgrensa oppe i 50 att, det er kolossalt med trafikk og aktivitet på eit veldig lite område. Fortauet mellom butikken og busstoppet retning Os er smalt utan noko form for rekkverk. Og igjen; det er ikkje lys på sjølve gangfeltet, og her skulle det heilt klart vore lysregulert for å sikra dei mjuke trafikantane.

25 ulykke på 9 år

Med Trine Lindborg og PBU si uroing som bakgrunn, tok vi kontakt med Statens vegvesen.

I ein epost svarer Bente Isdal ved plan- og forvaltningsseksjon Bergen følgjande:

• Vi har fokus på trafikksikkerhet og på E39 gjennom Søfteland er det over flere år utført tiltak ved aktuelle gangfelt.

• I 9-årsperioden 2009-2017 har det skjedd 25 personskadeulykker på strekningen på E39 Byvegen fra Storestraumen til Gåssand. Ulykkesfrekvensen (Uf) er beregnet til 0,31 pr. mill. kjørte kilometer hvis vi ser på denne 9-års perioden.

• Fartsgrensen ved skolen ble satt ned til 40 km/t i 2012. I perioden 2013-2017 har det skjedd 9 personskadeulykker. Etter at fartsgrensen ble satt ned er Uf beregnet til 0,20 pr. mill. kjørte kilometer. Normal ulykkesfrekvens for en 2-felts veg i middels tett bebyggelse er 0,29 pr. mill. kjørte kilometer.

• Tidligere var ulykkefrekvensen litt høyere enn det som en forventet på en slik type veg. Etter at fartsgrensen ble nedsatt er ulykkefrekvensen lavere enn normal ulykkesfrekvens. Vi ser derfor at ulykkesutviklingen på denne strekningen er positiv.

Korleis kan dette vera greitt?

Lindborg trekk paralellar til sakshandsaminga rundt den nye skulen på Hjelle når ho skal understreka uroen kring trafikken gjennom Søfteland.

– Vi sit og flikkar på meteren med krav og korreksjonar frå Statens vegvesen når vi skal byggja den skulen. Her er det strenge krav til siktlinjer og utforming på alle ting vi skal gjera. Eg slit litt med å sjå logikken i at situasjonen tilsynelatande er ok på Søfteland, mens heilt andre krav gjeld ein annan stad. Til sjuande og sist er det bebuarane, og spesielt borna på Søfteland eg uroar meg for. Eg må nytta den vegen til og frå jobb, og eg har ikkje lyst å hamna i ei ulukke.

Positivt svar frå vegvesenet

Under gårsdagens PBU-møte kunne administrasjonen informera om at Statens vegvesen no har sett på saka.

I ein epost til avdelingsleiar samferdsle, Agnete Haugland, skriv dei:

«Vi vil anbefala forsterka belysning ved desse to gangfelta på E39 Byvegen ved Heglybakken (hp 15 m 4065) og ved Langedalen (hp 15 m 4407). Når det gjeld finansiering er det ikkje sett av midlar i Handlingsprogrammet for 2018-2023 (2029) til belysning på Søfteland. Veglys langs E39 vil bli vurdert opp mot andre tiltak på europavegnettet som vegvesenet har ansvaret for.

Så langt vi kan sjå av tiltaka i trafikksikringsplanen til Os kommune for perioden 2018-2022 er det ikkje prioritert belysning langs desse 2 gangfelta. Vi vil derfor tilrå at dette tiltaket blir tatt med i det vidare trafikksikringsarbeidet til Os kommune.»

Viktig at Os kommune tek dette med

Bente Isdal fortel til Midtsiden at Statens vegvesen no vil ta desse punkta vidare med i planane sine, men at ho ikkje kan tidfesta noko eventuell løysing.

– Denne saka går på stamvegprosjektet, ikkje fylkesveg. Dette inneber at strekket gjennom Søfteland er ein del av nasjonal transportplan, og mynde ligg hos sentrale styresmakter.

På spørsmål om status vil kunna endra seg når E39 vert lagt om via Svegatjørn-Rådal, kan Isdal ikkje gje eit konkret svar.

– Vegen gjennom Søfteland vert nok fylkeskommunal, men det som er viktig no, er at Os kommune får desse to overgangane inn i sin trafikksikringsplan, avsluttar Isdal.

Agnete Haugland hos Os kommune fortel i ein kommentar til Midtsiden at saka no vil bli løfta opp i trafikksikringsutvalet for vidare handsaming.

Lindborg kan avslutningsvis avsløra at Ap allereie 15.november 2018 vedtok å ha lysregulering ved Joker-butikken som éi av sine valkampssaker til haustens kommuneval.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.