Lokal | 10. nov. 2011

Med kjærleik til Fjellheim

I Solbakkestova torsdag: Rock N LoL, Anne Valle og 100 år med Fjellheim er blant hovudsakene i årets utgåve av «Osingen».

Med kjærleik til Fjellheim
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 10. nov. 2011 13:40

Torsdag er det bokkveld i Solbakkestova med sleppefest for årets utgåve av «Osingen».

Vi møtte redaktør Barbra Røttingen utanfor Fjellheim, på veg heim frå trykkeriet med ei rykande fersk utgåve.

– Eg var ungdom i glansdagane for dans i Fjellheim. Eg hugsar enno lukta i det vi kom inn, ei blanding Musk Oil, Brut 33 og røyk, og spenninga i det vi gjekk opp trappa, «kven er det som på dans i kveld?» minnest Barbra.

100 år som storstove

Over seks sider i årets Osingen kan vi lesa om den 100 år gamle historia til det som fram til juni i år var storstova for kulturlivet i Os.

– Tore Moberg har gjort ein kjempejobb for oss. Eg er stolt av kva Fjellheim har vore for så mange, og over å ha denne fine saka med i Osingen i år, seier Røttingen om artikkelen og artikkelforfattaren.

Les òg: Gratulerer med dagen, Fjellheim

Jimmy, Anne og Harald

Saman med historia om Fjellheim høyrer historia om Harald Kuven. Tidlegare formann i Os Turnforening og sjef for kinoen i Fjellheim.

Årets Osingen byr også på tre sider om Jimmy Øvredal, som unge, ungdom, diktar og musikar. Saka er skrive av Norvald Kobbeltvedt.

Redaktøren sjølv har skrive om Anne Valle, som har takka av etter 39 år i jobb for Os kommune. Barbra let Anne fortelja om seg sjølv, om teater og musikk, og om faget hennar, sjukepleairyrket og heimesjukepleie.

Dottera debuterer

Eli Margrethe Midtkandal skriv om Bjørnefjorden Golfklubb og Lars Skorpen fortel om det første skulebygget i Os.

Barbra si dotter Maria Meidel Hansen, er også bidragsytar i årets utgåve. Ho debuterer som Osingen-skribent og fotograf med ei fin sak om festivalen Søfteland Rock N LoL.

– Eg synes det er veldig kjekt at Maria har interesse for språk og skriving. Festivalen ho skriv om er også noko som fengjer meg. Det er veldig tydeleg at denne festivalen betyr veldig mykje for undgom og unge vaksne i Os, og ikkje berre dei som er interessert i musikk og rock.

– Søfteland Rock N LoL er ein viktig sosial møteplass, årets høgdepunkt for mange, også Maria, som kjem heim frå Hamar kvart år for å få med seg festivalen og livet på Drus Kæmp.

Bokkvelden i Solbakkestova startar klokka 19. Frå i morgon kan du kjøpa Osingen hos Libris på Osøyro eller hos skuleelevar som kjem på døra for å selja.

Les òg:
Viser gamle skattar (Osingen på nett)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.