Kultur | 29. nov. 2012

Med kjærleik til lyden

Hans-Marius fekk stipend av Osøren Jazz og Bluesfestival. No har nytt utstyr kome i hus. - Eg føler eg har funne min eigen sound.

Med kjærleik til lyden
Hans-Marius Johnsen med den nye Fender Stratocasteren (privat foto)
Andris Hamretorsdag 29. nov. 2012 10:47

I sluten av oktober fekk Hans-Marius Johnsen spele med Go's OS på blueskvelden på Peppes. Det han ikkje visste var at gjengen bak Osøren Jazz og Bluesfestival hadde planlagt ei overrasking for ungguten. Han fekk nemleg tildelt eit stipend på 10 000 kroner.

- No har eg brukt stipendet, fortel den unge musikaren.

- Eg brukte lang tid på å finna ut kva eg skulle bruke det på.

- Eg fekk til ei avtale med Jan Ove på Hagstrøm i byn, slik at eg fekk låna med med forskjelleg heim, slik at eg kunne finna ein skikkeleg lyd.

- No har eg vore å kjøpt utstyret og fått brukt stipendet på rein kjærleik til instrument og lyd, strålar Hans-Marius.

Gitarheltar

På guterommet finn ein no pedlar av typane Eric Johnson Fuzz Face, Ibanez Tube Screamer 808, Cry Baby Wah og Ocd fulltone.

- Eg føler eg har skapt ein kombinasjon av alle mine gitarfavorittar i i eitt brett.

Dave Murray, David Gilmour, Eric Johnson, Gary Moore og Joe Bonamassa kjem på løpande band frå ungguten.

Smekker raud gitar

I tillegg til pedalar fekk Hans-Marius med ein ny gitar.

- Det er ein Fender Stratocaster standard, med en glitterraud farge.

- Den let kanonbra, smilar gitaristen.

Den unge gitaristen er full av motivasjon og fortel at fleire prosjekt er på gang.

- Eg må få lov til å takka Osøren Blues og Jazzfestival for stipendet. Og ein kjempestor takk til Steinar Lyssand som spurte om eg ville spele med Go's Os, avsluttar Hans-Marius Johnsen med eit stort smil.

Om du vil høyra Steinar Lyssand og Blue Note Shuffle så slepp dei debutplata på ei skikkeleg blueshelg på Peppes komande helg. Både fredag og laurdag blir det konsertar med låtar frå skiva dei spelte inn i Nashville i somar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.