Sport | 12. apr. 2013

Med klokketru på eigne lag

Battle of bygdo: Nielsen trur Os vinn på rutine og fart, Sandal trur Lysekloster vinn på godt innkjørt vinnaroppskrift. Men berre éin av trenarane vil ut med startellevaren.

Med klokketru på eigne lag
Tore Nielsen og Os tar i morgon imot Thomas Sandal og Lysekloster. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 12. apr. 2013 11:40

I går blei serien i 3. divisjon avdeling 7 sparka i gang. Brodd tapte 2-4 heime for Hundvåg og Vaulen tapte 0-1 heime for Kopervik.

Men i Osbygda handlar det om derby, storebror Os og veslebror Lysekloster i serieopninga, Battle of bygdo på Kuventræ frå klokka 16 laurdag - truleg til full tribune under strålande sol.

Og Tore Nielsen har slett ikkje tru på heimetap i denne kampen.

– Vi har ein samspelt tropp med fleire som har spelt i lag i mange år. No har vi lagt bak oss mange veker med full tenning på trening og vi er godt førebudd til å ta imot Lysekloster, seier Os-trenaren.

– I tillegg til spelarar som kjenner kvarandre godt og lang erfaring i 3. og 2. divisjon har vi individuelle spelarar med god fysikk og enorm fart.

– Om Lysekloster kjem til oss i kjent stil, full i sjølvtillit og står høgt, risikerer dei å få ekstremt raske angrepsspelarar i retur. Legg dei seg lågt så har vi lang erfaring med å stå høgt og rutinerte og raske forsvarsspelarar til å ta det som eventuelt måtte koma av overgangar.

Utfordrar med innkjørt spelemønster

Også Lysekloster-trenaren fortel om gode treningsveker og full tenning før lokaloppgjeret.

– Vi vinn på at vi er veldig samkjørte og har spelarar som er veldig tru mot eit system som vi har spelt inn over ein lengre periode. I tillegg har vi fleire spelarar med erfaring både frå høgt nivå og viktige kampar.

– Eg trur vi har eit betre lag og at vi vinn denne kampen, seier Thomas Sandal.

– Men det blir nok ein kamp med mange tøffe duellar, mykje kriging og mange dødballar

I Os & Fusaposten onsdag tippa Tore 2-0-siger til Os, Thomas tippa 0-1-siger til eige lag.

Reservekaptein og startellevar

Lysekloster må klara seg utan Ørjan Skilbrei, som er skadd, og Johannes Jordal, som fekk to gule kort i NM-kampen mot Østese.

I Jordal sitt fråvær er Kim Krogsethagen kaptein.

Meir vil ikkje Sandal røpa om kven som speler i morgon.

– Os veit nok om oss allereie, seier han.

Men Nielsen kvir seg ikkje for å fortelja kven som startar og kven han har på benken i morgon:

Os: Anders Kloven - Ørjan Glesnes, Børge Borgen, Per Søgnen Merai, Torkel Hjertnes - Stian Lunde, Tore Valvik - Erik Kanestrøm, Egil Thuen - Preben Borgen - Christer Olsen.
Reservar: Frode Moberg Øvredal, Håkon Kvittingen, Stian Bakke, Glenn Krossøy, Mads Lepsøe og Ramo Racic.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.