Einingsleiar Torunn Haugen framfor festlokalet på Kuhnle. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)

Med Kuhnletunet i 30 år

I år er det 30 år sidan Kuhnletunet dagsenter opna, og denne veka skulle dette feirast.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Historia rett først; ved innflyttinga i juni 1988 var namnet Os distriktsheim. Etter at Hordaland fylkeskommune i 1977 fekk tilbod frå legatet Fru Lissi Kuhnles Minde om bruksretten til legaten sin eigedom på Ytre Moberg gjekk det 11 år før det vart innflytting i dei lokala vi i dag kjenner som Kuhnletunet.

Eigedomen hadde vore brukt til tilsvarande føremål sidan tidleg på 1920-talet, og om ein ser godt etter i dag, vil ein sjå delar av grunnmuren til den gamle barneheimen bygd inn i dagens senter.

Sjølve byggearbeidet med dei tre første bygningane tok til i august 1986, og bygningane stod ferdige i oktober 1987. I 80-talskroner vart bygginga kalkulert til 12,8 millionar, fordelt på tre bygningar med eit bruttoareal på 1340 m2. I historiebøkene finn vi òg at til kunstnarleg utsmykking av Os distriktsheim vart det sett av 68.000 kroner. I tillegg vart det gjeve 34.000 kroner i tilskot frå Norsk Kulturråd, og legatet Fru Lissi Kuhnles Minde ytte 30.000 kroner til føremålet.

Stor fest på tunet

Onsdag stod det rigga til eit stort telt på plassen, med langbord dekka til 170 gjestar.

– Du veit, det har vore mange tilsette og brukarar innom her på 30 år, seier einingsleiar Torunn Haugen ved Teneste for utviklingshemma ved Os kommune.

– Det vart ein jubileumsfest med song, musikk, talar, og god mat. Med ein nydeleg seinsommarkveld som ramme vart det 3 timar i godt lag.

– Tidlegare på dagen var det ope hus på dagsenteret. Dette vart godt besøkt, og ekstra kjekt var det å helsa på tidlegare tilsette som stakk innom. Den tre timar lange festen vart ei fullverdig feiring av dei 30 åra her ute. Det vart mellom anna helsingar og gåver frå stiftinga og Os kommune. Kva gåver vi fekk vil ein etterkvart merka på uteområdet, seier Haugen løyndomsfullt.

Musikalsk lavvo

Eit av dei siste tilskota til Kuhnletunet er ein flott lavvo. Rullestolvenleg, men godt plassert ute i terrenget.

Med tilsett Olav Skorpen trygt i framsetet på gitar, vart Midtsiden ønskt velkomen med ein der-og-då-komponert song.

Det heile var nydeleg akkompagnert med perkusjon og vokal av brukarar på Kuhnletunet.

God sysselsetting

Då Midtsiden tidlegare på dagen besøkte Kuhnletunet fekk vi en guida tur av einingsleiar Torunn Haugen. Ei tydeleg stolt og engasjert Haugen synte fram sanserom (med vannseng!), tilrettelagd gymsal, hønsehus og ein hage kor det er planlagd endå fleire naturopplevingar for brukarane.

På ulike postar møtte vi òg brukarar av Kuhneltunet i gang med aktivitetar.

– Sysselsetting er det viktigaste vi driv med her ute på Kuhnletunet, understreker Haugen.

Om det er plenklipping, snømåking, kosting eller vedkløyving er det utruleg viktig å ha noko å gjera på. Hos oss er det meistring og trivsel i fokus. Sosialt er det òg.

På spørsmål om dei veit kor mykje ved det har vorte kløyvd på Kuhnletunet på 30 år, vert det både ledd og sukka.

– Det er omtrent umogleg å svara på, seier tilsett Anja Sværen Bergo.

– Med åra har vedproduksjonen vorte lettare, så vi produserer mykje meir no enn tidlegare.

Etter ein del diskusjon i staben kjem dei fram til følgjande reknestykke: 15 mål med ved i året. Gang det med 30 år, så har du svaret. Mykje ved er det i alle høve …

Svaret er 450 mål. Der ligg det mange gode samtalar og mykje god sysselsetting.

Fleire saker