Næringsliv | 26. feb. 2014

Med lisens til å fly

Ei drone med gyrostabilisert kamera festa under seg gjev uante fotomoglegheiter, men ikkje alle har lov.

Med lisens til å fly
Flygesjef Anders Fløysand og fartøysjef Øystein Skorpen med drona påmontert gyrostabilisert speilreflekskamera (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 26. feb. 2014 13:57

Bildeserie:

Gerhard Just-Olsen og Anders Fløysand overvakar dronen som kan løfta mellom 3 og 8 kg (foto: AH)
Gerhard Just-Olsen og Anders Fløysand overvakar dronen som kan løfta mellom 3 og 8 kg (foto: AH)
Lisensen frå Luftfartstilsynet har fått plass på veggen (foto: AH)
Lisensen frå Luftfartstilsynet har fått plass på veggen (foto: AH)
Fleire av dronene er bygd på eigen verkstad (foto: AH)
Fleire av dronene er bygd på eigen verkstad (foto: AH)
Ein liten prøvetur i bakgarden til ære for fotografen (foto: AH)
Ein liten prøvetur i bakgarden til ære for fotografen (foto: AH)
1 av 4
Gerhard Just-Olsen og Anders Fløysand overvakar dronen som kan løfta mellom 3 og 8 kg (foto: AH)
Lisensen frå Luftfartstilsynet har fått plass på veggen (foto: AH)
Fleire av dronene er bygd på eigen verkstad (foto: AH)
Ein liten prøvetur i bakgarden til ære for fotografen (foto: AH)

BA.no set i dag fokus på regelverket rundt droner og det å ta bileter frå lufta. Ikkje alle har lov til å gjera det, men Varde Film og Media på Os fekk tidlegare i vinter løyve frå Luftsfartstilsynet og Nasjonal Sikkerheitsmynde (NSM).

– Det var ein omfattande prosess å koma dit at vi fekk løyvet.

– Vi hadde allereie alt i orden frå NSM i høve å ta bileter og film frå lufta, men å få lisens for å fly med eigne droner tok si tid, fortel flygesjef og eigar av Varde Film og Media, Anders Fløysand.

100 tettskrevne sider

Sjølve søknaden var ikkje den store bøygen, men all dokumentasjonen som krevst tok si tid.

– Det tok oss vel tre og einhalv månad frå vi starta til alle papira var i orden.

– Vi måtte mellomanna ha ansvarsforsikring, flyfotolisensen som vi hadde frå før og ein operasjonsmanual som i detalj fortalte om rutinar og prosedyrer vi skulle følgja.

– Det blei vel omlag 100 tettskrivne sider med risikoanalyser og tekniske spesifikasjoner.

– Krava til oss var dei same som om vi skulle starta eit lite flyselskap med bemanna helikoptre, fortel Fløysand.

Opp i 120 meters høgde

Lisensen gjev enorme moglegheiter for mediebedrifta på Os.

– Vi har lov til å fly opp til 400 fot eller 120 meter om du vil.

– Kamerat sendar direktebilete ned til ein skjerm på bakken, så ein kan få akkurat dei bileta ein vil.

– I tillegg brukar vi vel omlag 1/10-del av tida vi ville ha brukt å rigga ei kran for å ta tilsvarande bileter.

– Men kva er bruksområda for dette "leiketøyet" då?

– Foto og video av eigedommar og filmproduksjon er ein del av det.

– Tak- og linjeinspeksjonar for e-verket ei anna type oppdrag vi ser for oss.

– I tillegg kan vi gjera ei samfunnsnytte for oss.

– Ta tildøms skogbrannen på Ulven for nokre år sidan. Hadde det skjedd i dag kunne vi raskt ha gitt brannvesenet ei oversikt over situasjonen.

– I tillegg kan vi montera andre typar kamera, til dømes varmesøkande på drona og hjelpe til i ettersøk.

– Førebels har vi ikkje rekt å presentere moglegheitane for lensmannen og brannsjefen, men det vil vi gjera, fortel Fløysand.

Røynd kaptein

Fløysand er den av mannskapet som tek seg av bileta og videoproduksjonen, men regelverket stiller krav til både fartøysjef og teknisk leiar.

– Øystein Skorpen er den som flyr dronene.

– Korleis han styrer dei er heilt rått å sjå på, smiler Fløysand.

– Du veit eg har drive med radiostyrte flyvande ting siden eg var ein liten guttevalp, så litt erfaring har eg no fått meg, nærmest unnskyldar Skorpen seg med.

Eigen verkstad

For å få tekniken til å fungera og dronen til å finna heim om noko skjer seg har Gerhard Just-Olsen tatt seg av programmeringa.

– Det er ikkje måte på kva Gerhard har programmert inn.

– Tildømes blir dronen sjølvflygande når batteriet når eit visst nivå. Då tek den styring og returnerar automatisk til homebase.

Totalt disponerar Varde fire operative luftgåande fartøy. Fleire av dei bygd frå botn av i eige verksted.

– Vi starta opp i haust med å byggja verkstedet slik at Øystein og Gerhard kan ta alt av bygging og vedlikehald i eige hus, avsluttar Anders Fløysand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.