Kultur | 07. feb. 2012

Med naziar i bagasjen

60°N-gjengen på vellukka friarferd til Oslo. «Iron Sky» med førpremiere på Os.

Med naziar i bagasjen
PR-sjef Christoffer Kobbeltvedt og styreleiar Nils-Anders Nøttseter har med seg fleire godbitar i kofferten heim frå mellomanna SF Norge (privatfoto)
Andris Hamretysdag 07. feb. 2012 10:52

Filmfestivalen nærmar seg med stormskritt. Med over 200 påmeldte filmar av høgt kaliber ligg alt til rette for at filmprogrammet skal vere konkurransedyktig i eit veksande filmfestivalmiljø i Noreg.

I helga tok festivaldirektør Ole Henning Bøe med seg styreleier Nils-Anders Nøttseter og PR-/Marknadssjef Christoffer Kobbeltvedt til Oslo for å promotera festivalen og forhandla med dei store distributørane for å få fleire toppfilmar til Os.

- Vi fekk ei svært god mottaking hjå alle.

- Folka bak dei tidlegare festivalane har gjort ein god jobb med å gjera festivalen på Os godt kjent, så Oslofolka visste godt kor vi kom frå.

- Festivalen har eit godt rykte som ein inkluderande og sjarmerande festival, fortel Christoffer Kobbeltvedt.

Lovord frå Norsk Filminstitutt

Turen innebar møter hjå mellomanna Euforia, SF, Norsk Film Distribusjon, UiP, Fox og tv-kanalen Canal+. I tillegg var festivalgjengen innom Filmens Hus og helsa på Norsk Filminstitutt, ryggraden for statssubsidiert film såvel som Bygdekinoen.

- Det enda med lovord frå NFI og invitasjon til Os, smiler Kobbeltvedt.

Sjølv om festivalleiinga no håpar å nå ut til eit enno breidare publikum, lovar dei at dei trufaste festivalgjengarane skal takast vare på.

Naziar på månen

I 2008 vitja den gong relativt ukjende Timo Vuorensola filmfestivalen i Os, med dugnadsfilmen «Star Wreck: The Movie». Ukjend for den gjengse kinogåar, men ikkje i bransjen: Finske Vuorensola var allereie ein mann den europeiske filmbransjen med stor interesse følgte med på.

Denne månaden har Vuorensola sitt nyaste prosjekt, «Iron Sky», premiere på sjølvaste filmfestivalen i Berlin.

Det er ikkje å overdrive å seie at «Iron Sky» er ein av dei mest påventa filmane i 2012, både i bransjen og blant filminteresserte. Filmen er rein og skjer galskap; i 1945 flykta tapande nazistar frå jorda, og etablerte ein base på baksida av månen. Og i 2018 vender dei attende - i UFOar.

Filmen har fått mykje spalteplass - også i norske medier - og har kinopremiere i Noreg i månadsskiftet april/mai.

- Men ikkje før osingane har fått sett filmen først, fortel Kobbeltvedt.

Som om ikkje dét er nok, stiller sjølvsagt regissør Vuorensola på festivalen, og distributør Euforia har lova 60°N at det skal bli ei heidundrande markering av filmen.

Fleire storfilmar kjem

I tillegg til «Iron Sky» lovar festivalleiinga fleire storfilmar.

- Så godt som alle møta var fruktbare, og vi kom heim frå Oslo med ei rekke spennande prosjekt i bagasjen.

- Desse er enno i planleggjings- eller forhandlingsfasen, og difor går under kategorien "hysj-hysj", men eg kan lova at dei kjem til å få ei ekstra påkosta ramme for visninga, samanliknbart med visninga av Trolljegeren i fjor haust, seier ein hemmelegheitsfull PR-sjef.

Programdrypp kjem

Kobbeltvedt lovar at dei i vekene framover kjem til å sleppa titlar frå det såkalla førehandsutvelde programmet.

- Vi har allereie slept kortfilmen «Il Luchetto», av den italienske regissøren Ettore Nicoletti.

- Nicoletti er allereie ein etablert skodespelar, seinast som James Joyce i filmen «The World of Ernest Hemingway». «Il Luchetto» - hengelåsen - er hans første kortfilm.

- Programkomiteen fell for den overraskande og svært korte filmen, og var einsemde i sjølvsagtheita i å vise den på festivalen, forklarar Kobbeltvedt.

Fremadstormande filmskapar

Neste film ut er spelefilmen «Supporting Characters», av Dan Schechter. Vi møter bestevenane Nick og Daryll, som jobbar som filmklipparar. Eit haltande filmprosjekt dannar bakteppe for forviklingar i liva deira, særleg for Nick, som trass i ein kontrollerande kjærast utviklar ei uheldig interesse for stjerna i filmen.

- Som med Schechter sin førre film, «Goodbye Baby» (heiderleg omtale frå juryen på filmfestivalen i Os i 2008, journ.mrk.) er det svært godt handverk, interessante rollefigurar og eit intelligent manus som gjer denne komedien interessant.

- I tillegg er filmen også appelerande for båe kjønn, perfekt film for par der han elles keier seg gjennom filmane ho vil sjå, legg Kobbeltvedt til med eit smil.

Schechter er ein av dei fremadstormande nye filmskaparane frå New York. Førre veke annonserte «Variety» at hans neste film blir «Switch», etter romanen "The Switch" av den legendariske krimforfattaren Elmore Leonard. Boka er forløparen til Rum Punch, som Quentin Tarantino sin Jackie Brown var basert på, og handlar om fleire av dei same karakterane.

- Det er ei glede for 60°N å ta i mot den kommande stjerna Schechter, som vi har følgt i fleire år, med filmen som har lagt fundamentet for hans komande opprykk i den amerikanske filmindustrien.

Os Film City representerer

Med på programmet for osloturen var også ein tur på Cinemateket i Oslo. Der viste nemleg Nordland kunst- og filmfagskole eit knippe av sine beste filmar dei siste 15 åra - og i dette salege selskap var osingen Rolv Lyssand Bjørø representert med heile to filmar!

- Rolv var sjølvsagt på plass, og det var gledeleg for filmpatriarkane frå heimbygda å sjå Os sitt filmhåp skina blant sine likeverdige.

- Rolv kunne fortelja at han har éin kortfilm til i seg, før han tek fatt på sin første langfilm. Anar vi vår neste André Øvredal?, avsluttar Kobbeltvedt retorisk.

Han er overbevist om at med kvaliteten på det Bjørø hadde å by på kan det faktisk sjå slik ut. Bjørø sine filmar kjem sjølvsagt til filmfestivalen i Oseana i april.

60°N Os internasjonale filmfestival går av stabelen i Oseana kunst- og kulturhus 21.-28. april 2012. Dagspass for filmvisning vil kosta kr. 150,- og ukespass 450,-. Arrangørane reknar med å visa i overkant av 50 filmar på festivalen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.