Kultur | 04. feb. 2010

Med ny konsertsatsing

Rolf Tveit held fram med satsinga på storkonsert innan countrysjangeren. No står Bellamy Brothers for tur.

Med ny konsertsatsing
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 04. feb. 2010 13:58

Bildeserie:

1 av 1

Medan han har travle dagar på bilverkstaden held Rolf Tveit fram med å lata tankane om storkonsertar surra. Frå den store, men noko fullsette konserten med Vassendgutane på Nore Neset var ikkje Tveit like heldig med opplsutnaden på dei neste prosjekta.

Anne Nørdsti selte saman med Aritocats berre knappe 200 billettar i Nore Neset Aktivitetshus i 2007. Også då han prøvde seg utanfor bygda, med Lynn Anderson i Nordhordland, gjekk det i minus.

- Den gong skulle ho vidare til countryfestival i Breim, så mange av dei potensielle gjestane i Nordhordland hadde allereie reist frå bygda for å oppleva ho der, seier Rolf, som no er klar med ny satsing.

Bellamy i Bergen
I tre år har Tveit jobba for å få The Bellamy Brothers til Noreg og Vestlandet. The Bellamy Brothers er kjent for låtar som «Let Your Love Flow», «Redneck Girl» og «If I Said You Had a Beautiful Body (Would You Hold It Against Me)»

- Brørne David og Homer Bellamy var saman med The Eagles dei store innan countrypop på 70- og 80-talet. Sist dei var i Bergen var for sju år sidan, på fullsett Rubinen.

Bellamy-brørne er framleis aktive, med 150 til 200 konsertar i året i heimlandet USA. Når dei kjem til Noreg i juni er det for å halda to konsertar, ein i Arendal og ein på Forum Scene i Bergen 16. juni. Tveit har fleire med seg på dette arrangementet, men countryentusiasten frå Os står i spissen for konserten.

Osingar på fremste rad
Billettsalet til konserten starta i dag. I tillegg til sal på billettservice.no har Tveit billettar på Best-stasjonen på Os.

- I første omgang legg vi ut 800 billettar. Eg har tatt ut eit godt knippe billettar på dei fremste radene for sal her i Os, fortel Rolf.

Under bildet av duoen kan du sjå eit gamalt opptak av brørne, på tysk TV på 70-talet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.