Næringsliv | 06. juni 2018

Med plan om mini-hotell ved Os hamn

Får dei godkjenning frå kommunen blir det «Podtell» mellom Esso-stasjonen og Peppes i sommar.

Med plan om mini-hotell ved Os hamn
Podtell kjem med både enkle- (bildet) og dobbeltsenger. Parnefält og Kalve innfelt. (Foto: Andris Hamre/podtown.no)
Andris Hamreonsdag 06. juni 2018 20:50

Bildeserie:

Hans Parnefält og Eirik Kalve. (Foto: AH)
Hans Parnefält og Eirik Kalve. (Foto: AH)
Eitt podtell kan ha 16 soverom. (Ill.: Podtown.no)
Eitt podtell kan ha 16 soverom. (Ill.: Podtown.no)
– Det er enkelt, men komfortabelt, seier Kalve. (Ill.: Podtown.no)
– Det er enkelt, men komfortabelt, seier Kalve. (Ill.: Podtown.no)
Podtellet er tenkt plassert her, mellom Os Travel og verkstaden ved Esso. (Foto: AH)
Podtellet er tenkt plassert her, mellom Os Travel og verkstaden ved Esso. (Foto: AH)
1 av 4
Hans Parnefält og Eirik Kalve. (Foto: AH)
Eitt podtell kan ha 16 soverom. (Ill.: Podtown.no)
– Det er enkelt, men komfortabelt, seier Kalve. (Ill.: Podtown.no)
Podtellet er tenkt plassert her, mellom Os Travel og verkstaden ved Esso. (Foto: AH)

Gründer Eirik Kalve har utvikla eit mobilt hotell han har kalla Podtell, som blir lansert under Tysnesfest i sommar. Om lag samstundes kan ein av poddane koma til gjestehamna i Os om Kalve og Hans Parnefält får dei naudsynte godkjenningane frå kommunen.

Onsdag var kommunen på synfaring.

– Vi lanserer dette under Tysnesfest og skal på fem andre arrangement i sommar. I tillegg leiger vi ut til ein del bedrifter som treng midlertidig overnatting, fortalde Kalve.

– Eirik sin fantastiske idé er ein ypparleg måte å raskt opna eit hotell på i Os. Kommunen har jo vore framoverlent med å sikra seg hotelltomta borte ved Oseana, men per i dag er det for lite varme senger i Os. Difor har vi lyst til å testa dette ut i sommar. Vi trur det vil vera eit godt supplement til dei etablerte hotella i Os, supplerte Hans Parnefält.

Vandreheim med hotellstandard

Hotellet er enkelt fortalt ein styla kontainer med seksten «poddar» (soverom), kvart rom med vindauge som kan opnast og avlåst frå naboromma.

– Det er enkelt, men komfortabelt. Du får hotellstandard på senga til prisen du betaler på ein enkel vandreheim.

Om dei skal plassera ut ein singelpod (med enkeltsenger) eller dobbeltpod (med dobbeltsenger) har dei to førebels ikkje tatt stilling til.

Samarbeider med Peppes

Hotellet har ikkje eigne dusjar eller toalett. På spørsmål om korleis det vil løysast forklarte Parnefält at dei har eit samarbeid med Peppes.

– Vi vil ha resepsjon hos meg i Os Travel, vegg i vegg med hotellet. I det same bygget har vi også toalett, dusj og vaskerom. Dei same som båtturistar kan nytta i dag. Inne på Peppes sin Bar(t) vil det vera fellesrom kor gjestane kan opphalda seg, om dei ikkje er rundt andre plassar i Os.

Kan stå gjennom sommaren

Formålet med synfaringa med kommunen onsdag var å få rettleiing på korleis dei to gründerane må gå fram.

– Kor lenge har de tenkt å ha hotellet her?

– Tanken var å ha det ståande inntil to månader frå om lag midten av juli om søknaden går i orden, svara Parnefält på spørsmål frå kommunen.

For at prosjektet skal realiserast må dei to få godkjenning om å nytta plassen, i tillegg til å senda inn ein midlertidig byggesøknad med nabovarsel.

Positiv næringssjef

Næringssjef Daniel Skotheim var også med på synfaringa.

– Dette passar bra med tilrådinga frå hamneutvalet, som ønskjer meir liv i hamna og at også denne delen av sentrum blir meir brukt, kommenterte Skotheim.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.