Torsdag i 15-tida blei ein bil stoppa av utrykningspolitiet på FV137 Bogstrandvegen.
– Førar er mistenkt for kjøring i rusa tilstand, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
– I tillegg blei det funne både narkotika og noko vi trur er tjuvgods i bilen.
Mannen sit no fengsla og saka blir etterforska vidare.
Hadler-Olsen vil førebels ikkje ut med fleire detaljar i saka.