Sport | 28. aug. 2012

Med tøff tur i vente

116 km og 7.150 høgdemeter: Ultra-løpar Thomas Andersen er på veg til sitt tøffaste løp til no. Fjelløpet går frå Italia til Frankrike.

Med tøff tur i vente
Thomas på Gardermoen før avreise til Geneve og vidare til Chamonix i dag. (Privat mobilfoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 28. aug. 2012 22:15

Thomas Andersen har vunne alt frå Styrkeprøven Rett Vest og 10 mil lange pulkløp til Noregs hardaste fjelløp, Hornindal Rundt.

Torsdag deltar han i North Face Ultra Trail du Mont Blanc, eit fjelløp frå Courmayeur i Italia over Alpane forbi Mont Blanc og ned til Chamonix i Frankrike.

– Dette blir hardare enn alt eg har deltatt på før. I tillegg til at det er 40 kilometer lengre enn Hornindal Rundt og 1500 fleire høgdemeter går løpet i høgare terreng, store delar av løpet er over 2000 meter over havskorpa, seier Thomas på telefon frå Gardermoen.

Ein folkefest

Tysdag kveld landa Thomas saman med nokre andre norske deltakarar frå Austlandet i Geneve for busstransport til Chamonix.

– Det er visst ein skikkeleg folkefest dette, med folk i gatene både ved start, mål, i dei små landsbyane vi er nedom i medan vi springer - og på enkelte toppar står det folk med bjeller.

Torsdag morgon går bussturen til Italia gjennom den drygt 11 kilometer lange tunnelen som tar deltakarane til den italienske byen Courmayeur for start.

Over the top

Hovudutfordringane torsdag blir å koma seg over Col de la Youlaz (2,661m), Col du Petit Saint-Bernard (2,188m), Passeur de Pralognan (2,567m), Col de la Gitte (2,322m), Col du Tricot (2,120m).

Tynn luft, varierande klima - og distansen og dei mange høgdemeterane, vil nok Thomas også kjenna på kroppen.

– Eg kjenner det allereie, det er dette som har vore hovudmålet med treninga det siste året. Eg har vore litt skadd i ein fot, men då eg tok ein testtur over Lyshorn, Vetle-Lyshorn og Munkestien tilbake til Lysekloster i går, så var foten heldigvis fin.

– Strengt opplegg

Andersen fortel at turen går i eitt strekk, men med drikkestasjonar og matstasjonar på vegen.

– Med over 20 gradar nede i landsbyane og nysnø på toppen er det naturlegvis behov for sekk, klede og litt utstyr. Mykje av det er strengt regulert av arrangørane.

Her er noko av det Thomas må ha i sekken for å unngå tilleggstid eller - i verste fall - å bli diska:

• Mobiltelefon
• Pass
• Fløyte (å blåsa i, ikkje kremfløyte)
• Overlevingsduk
• Vottar og lue
• Kopp
• To hodelykter

Mål: Under 17 timar

Løpet har plass til maks 1.400 deltakarar.

Målet til Thomas er å bruka mindre enn 17 timar på turen. På Hornindal Rundt brukte han i år 10 timar og 26 minutt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.