Næringsliv | 18. jan. 2010

Med tru på etterslep

Nye forskrifter gjer at du sjølv må følgja med på kor tid bilen skal på EU-kontroll. Har du kontroll?

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 18. jan. 2010 11:52

- Mange vil nok blir overraska når dei får beskjed om at dei for lengst skulle hatt bilen inne til kontroll. Vi er førebudd på at det kan bli eit stort etterslep i løpet av året, seier Jarle Matre hos Thuen & Matre.

1. juli i fjor tredde nye forskrifter i kraft. Det viktigaste punktet for bileigarane er at dei sjølv må følgja med på kor tid bilen deira skal inn til EU-kontroll.

- Folk får ikkje tilsendt skriv lenger, dei må ha kontroll på dette sjølv. Det har vore skrive ein del i bilmagasin om saka, men det er ikkje alle som les like mykje om bil, seier Jarle, som no sender brev til alle kundane sine med informasjon om dei nye reglane.

Bilar skal til EU-kontroll første gong når dei er fire år gamle, seinare skal dei inn på kontroll annakvart år. Bilar med registreringsnummer som sluttar på 1 skal inn i januar, 2 i februar og så vidare fram til oktober for dei som har nummer som sluttar på 0.

Eksterne lenkjer:
Her kan du sjekka kor tid DIN bil skal inn til EU-kontroll neste gong
Les meir om reglane på vegvesen.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod i november

Tilgang til alt innhald i 3 månadar for kun kr 300,-

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Kun kr 300,- i 3 månadar
  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.