Kultur | 30. apr. 2018

Medaljemottakar Arne Mæland fekk lunsj med dronning Sonja

Mæland, som fekk Kongens fortenestemedalje, har invitert dronninga til Os.

Medaljemottakar Arne Mæland fekk lunsj med dronning Sonja
Arne Mæland helste på dronning Sonja på Slottet torsdag. Vidar Langeland (t.v.) var med som Arne sitt følgje. (Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB scanpix service)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 30. apr. 2018 11:30

Arne Mæland blei fullstendig tatt på senga laurdag 17. februar. Os kommune overraska kunstnaren, som trudde han skulle halda foredrag om Vognhallen for gjestar frå Lindås, men i staden blei overrekt Kongens fortenestemedalje.

• Les meir og sjå bilde og video frå seremonien i Oseana

Torsdag 26. april var Mæland til Oslo saman med andre medaljemottakarar for omvising og lunsj på Det kongelige Slott.

Starta med spennande møte på Opera-taket

Medaljemottakarane har lov å ha med seg følgje, og Arne tok med seg Vidar Langeland.

– Vidar er ein god kamerat og ein som på alle måtar alltid har stilt opp for meg, seier Arne.

Dei reiste fram og tilbake same dag, men fekk likevel eit innhaldsrikt opphald i Oslo.

– Vi var på Operaen og såg oss om då ein kunstnar frå Peru huka tak i oss. Det enda med at vi måtte posera på nokre bilde ho ville ta.

Langeland, som sjølv har mange år bak seg som pressefotograf, fortel at det kvinnelege kunstnaren studerte kunstfoto i Oslo, og heldt på med eit prosjekt der ho blant anna trengte ein høg mann til å kasta skygge.

– Det blei eit hyggeleg møte før vi fekk ein spennande tur på slottet, seier Vidar, glad for å få dela den spesielle dagen med Arne.

Fekk sitja med dronning Sonja

Seremonien på slottet var ikkje berre eit handtrykk, men omvising i dei ulike salane og staseleg lunsj i festsalen.

– Eg trur vi var 37 medaljemottakarar. Eg var heldig og fekk sitja med dronning Sonja, fortel Arne, som dermed fekk realisert ein liten draum han hadde; å få koma med ein invitasjon.

Til skulptursymposiet 2019 har nemleg Mæland og resten av Os Kulturutvikling ønskje om å invitera dronninga på besøk.

– Då vi fekk litt tid saman så fekk eg høve til å fortelja om symposiet, og sa samidig at vi ville invitera. Då vi gjekk frå slottet sa dronninga «kanskje vi sees», fortel Arne.

– Vi vil senda ein formell invitasjon, så får vi håpa at det passar sånn at vi kan få ekstra fint besøk neste år.

Arne og Vidar fortel om ei hyggeleg stund også med andre tilsette ved slottet, og med gjestane som kom for å få medalje.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.