Lokal | 18. sep. 2019

Meir action på open brannstasjon

Brannvesenet er òg på ny type opplæring denne brannvernveka.

Meir action på open brannstasjon
Joakim Janssens og Eivind Hovden byr på både hotdog og turar med ATV på open brannstasjon laurdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 18. sep. 2019 13:51

Laurdag 21. september er det open brannstasjon 350 stadar i Noreg, også i Mobergsbakken 111 i Os.

– Gjestane kan få delta i quiz, prøva sløkkeutstyr og ta raskaste veg frå 2. til 1. etasje i stanga på stasjonen, seier brannsjef Eivind Hovden.

Nytt i år er test av VR-briller og at dei yngre gjestane kan få sitja på ein tur med ATV-en.

– Legevakt og ambulanse deltar i arrangementet, i år kjem òg politiet og Røde Kors. Det blir eige bamsesjukehus der gjestane kan få prøva å sy sting på ein bamse. Det er òg mogleg at Norske Redningshunder kjem.

Nytt i år er òg at det kjem ein liten kiosk på stasjonen.

– Vi vil selja saft, kaffi og te - og så håper eg vi får unna 400-500 pølser til svoltne brannsløkkjarar. Overskotet blir donert til organisasjonen Brannmenn mot kreft.

God finale på førebyggande veke

Brannvernveka har vore arrangert sidan 80-tallet. Fleire tusen ungar får opplæring i branntryggleik denne veka, også i Os er rekkevidda god.

– Nokre barnehagar kjem på besøk hos oss, andre reiser vi ut til. Vi rekk fleire barnehagar per dag, fortel feiar Joakim Janssens.

I vår fekk både vgs- og barneskule-elevar opplæring. Sjetteklassingane lærte om sløkking og rømming. Dei fekk òg med seg skjema for å ta inspeksjon i eigen heim.

– Barnehageungane synest òg at det er spennande med brannvesenet, samtidig som dei er lærevillige. Dei syng songar og hugsereglar som «ein, ein, null - det brenner i et hull».

Hadde ungane dine funne sløkkeutstyr om det brann om natta?

Nye tal viser at hausttradisjonen «Open brannstasjon» framleis er viktig for å redusere omfanget av alvorlege bustadbrannar:

• Kvar femte familie har ikkje tenkt gjennom kva dei skal gjere om det begynner å brenne i eigen bustad

• Berre 1 av 8 barnefamiliar har hatt brannøving heime

• 1 av 4 har avtalt møteplass

Desse tala kjem fram i ei ny undersøking Kantar har utført for Norsk brannvernforening, forsikringsselskapet If og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) i høve årets brannvernveke.

- Vi oppmodar alle til å gjennomføra ei brannøving heime. For barnefamiliar er det spesielt viktig at dei vaksne har ei avklart rollefordeling i tilfelle brann, slik at ein unngår misforståingar i ein kritisk situasjon der ein kanskje ikkje klarer å tenkje klart. Eit skrekkscenario er at nokon går tilbake inn i eit brennande hus fordi dei ikkje finn kvarandre på utsida, og så står den ein leitar etter trygt ein annan stad ute, seier Jan Olav Birkeland.

Eit synleg og lett tilgjengeleg brannsløkkjeapparat er også spesielt viktig med tanke på brann om natta.

- Sekundane tel om det begynner å brenne, så plassering av brannsløkkjeapparatet kan vere avgjerande om det oppstår eit branntilløp. Om natta når det er mørkt er det spesielt viktig at det er raskt og enkelt å finne apparatet

Besøker også vaksne

Det er ikkje berre barnehagar som får førebyggande besøk av Os brannvesen.

– Vi skal på opplæring hos dei som bur på Vartun. Dette handlar om eigenvern for kvar enkelt.

– Dei som vil kan ha oss med inn i eigen leilegheit for å få råd tilpassa der dei bur.

Også ein privat eigar av leilegheier i Os sentrum, som husar fleire innvandrarar, har takka ja til tilbod om gratis gjennomgang av husvære og opplæring av leigetakarar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.