Kultur | 19. mars 2010

Meir dansegalskap

For tre veker sidan heldt 50 ungdomar fire framsyningar i Fjellheim. Sundag blir det ny runde.

Meir dansegalskap
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 19. mars 2010 09:33

I fjor på denne tida fekk vi sjå resultatet av Anne Lill Lyssand og Marit Jeanette Waldersnes sitt initiativ hausten før - 40 ungdomar i den nystarta dansegruppa "Vi e´dansegal" fylte Fjellheim med publikum fleire gongar.

- I mai i fjor var dei i meg og spurte om eg ville vera med på ein runde til, så frå hausten har det vore øvingar i Fjellheim kvar veke, fortel Eirik Søfteland, som stiller med band til musikalen.

50 mellom 13 og 20
I år er det endå fleire på scenen. Mange av dei 40 frå i fjor er med vidare, men fleire var nye i dansegal-gruppa i haust.

- Vi fekk øvd godt, men det blir alltid skippertak mot slutten.

Ungdomane er frå ulike krinsar i Os og frå Fusa, i alderen 13 til 20 år.

- Vi har band, kor og mange dansarar, nokre med bakgrunn frå swing, andre frå hiphop, fortel Søfteland.

Romantisk reise
Musikaren vil ikkje røpa heile handlinga i musikalen, men fortel kort at det er eit par, som i starten ikkje er eit par, som reiser i tid - og det blir ei romantisk reise.

- Vi har rundt 18 låtar, frå Night Fever og andre 70-talslåtar til kjent musikk for dei yngste, frå High School Musical.

Helga 27. og 28. februar heldt gruppa fire framsyningar. Laurdagen var starten på skulevinterferien, og veldig fint vêr, så då var det ikkje så mykje folk i salen, men siste framsyning sundag var smikkfull.

- No håpar vi på mykje publikum sundag klokka 16 og 19, billettane får du på Musikkverket, seier Eirik Søfteland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.