Lokal | 20. mars 2015

Meir makt til kommunane

Kommunereforma: Større kommunar skal få fleire oppgåver og meir makt. – Det er ei massiv delegering av ansvar og mynde, oppsummerer Terje Søviknes (Frp).

Meir makt til kommunane
Fylkesmann Lars Sponheim får mindre makt, kommunestyret meir (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 20. mars 2015 15:13

Klokka tolv fredag presenterte statsminister Erna Solberg (H), kommunal- og moderniseringsminster Jan Tore Sanner (H) og sosialminister Robert Eriksson (Frp) stortingsmeldinga ��Kommunereformen - nye oppgaver til større kommuner».

I den kjem det fram at fleire oppgåver og meir ansvar skal delegerast til kommunane.

– Dette er meir makt til kommunane og ei massiv delegering av ansvar og mynde, oppsummerer ordførar Terje Søviknes.

Større sjølvråderett

Søviknes er særleg nøgd med at kommunane no skal få større sjølvråderett, til dømes i forhold til plan- og bygningslova. Regjeringa har mellomanna satt igang eit systematisk arbeid med å gjennomgå plan- og bygingslova med sikte på forenklingar.

– Det er det eg er mest nøgd med.

– Det betyr mellomanna at vi i større grad handsamar til dømes innsigelser sjølv.

Tilsyn krev mykje

Eit anna område Søviknes er glad det ser ut til å komma endringar på er statlege tilsyn.

– I dag opplever vi at det er alt for mykje statleg tilsyn på ganske detaljert nivå.

– Dette krev mykje av administrative ressursar og leiarressursar i organisasjonen vår, som vi i staden kan bruka på å utvikle tenestene.

– Slike tilsyn går gjerne over både to og tre dagar, forklarar ordføraren.

Fleire avklaringar må på plass

Oppgåvelista er lang og omfattande. På fleire områder treng ein ytterlegare avklaringar før oppgåvene blir delegert over til kommunane.

– Det gjeld mellomanna barnevernet kor ein vil sjå nærare på fordelinga mellom kommune og fylkeskommune.

– Nettopp fylkeskommunen er nok tapar i denne meldinga, spesielt der det ligg større byar som kan koma til å ta over både vidaregåande skuler og kollektivtrafikken.

– Då blir det ikkje mykje att på fylkeskommunen.

– Vi meiner jo at vi ikkje treng fylkeskommunen, men det er det ikkje fleirtal for på stortinget, avsluttar Søviknes.

Kort oppsummert er dette blant oppgåvene ein ser for seg å flytta over til kommunane:

Velferd

  • Tannhelse
  • Rehabilitering
  • Forsøk DPS
  • Basishjelpemidler
  • Boligtilskudd
  • Varig tilrettelagt arbeid
  • Arbeids- og utdanningsreiser
  • Finansieringsansvar pasienttransport
  • Statlig barnevern
  • Familievern

Lokal utvikling

  • Forenkling av utmarksforvaltning
  • Lokal nærings- og samfunnsutvikling
  • Motorferdsel i utmark
  • Forenklinger innen plan- og bygningsloven: Revisjon av forskrift om konsekvensutredninger og utviklingsavtaler på planområdet
  • Vannscooter
  • Tilskudd til nærings- og miljøtiltak skogbruk,
  • Tilskudd til -tiltak i beiteområder
  • Tilskudd til kulturlandskap jordbruk
  • Tilskudd til verdensarvområdene
  • Konsesjonsbehandling småkraftverk
  • Myndighet til enkelte utslippstillatelser, forurensningsloven
  • Naturforvaltning: små verneområder, økt ansvar etter innlandsfiskeforskriften og jakt- og fangstider for enkelte fremmede arter
  • Tilskudd til frivilligsentralene

Andre oppgaver

  • Vigselsrett
  • Notarialforretninger
  • Godkjenning svømmeanlegg
  • Sivile politioppgaver, til dømes pass

Annet

  • Videregående opplæring
  • Skoleskyss
  • Kollektivtransport

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.