Næringsliv | 20. mai 2010

Meir østers på Innerøya?

Os kommune har bede østersoppdrettarane rydda opp. Men selskapet har planar om vidare drift, kombinert med turisme, og ser etter nye partnarar.

Meir østers på Innerøya?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 20. mai 2010 05:24

Bildeserie:

1 av 9

Magnus Røttingen, som frå 50-talet og fram til ein plass på 90-talet dreiv østersoppdrett i ein stor poll på Innerøya, døydde i 2002.

Selskapet Inderøens Østersanlegg AS, med Hogne Bleie, Inge Midtbø og Brynjulv Haga i spissen, kjøpte anlegget og fekk i 2004 konsesjon for vidare drift. Selskapet har besøksadresse i Os, men postadresse i Bryggja i Nordfjord.

No har Os kommune bede selskapet rydda i og rundt pollen.

- Vi har fått tips om at det ikkje er aktivitet i området og at det ligg lause tau i og utanfor pollen. Derfor har vi nyleg skrive eit brev til selskapet der vi ber dei rydda etter seg, seier plansjef i Os kommune, Asle Andås.

- I konsesjonen står det at dei mister denne dersom anlegget er passivt i to år, og at dei skal rydda området om dei legg ned.

- Vi er i drift
Styreleiar i Inderøens Østersanlegg AS, Hogne Bleie, seier han ikkje har fått brevet frå Os kommune, men at selskapet sjølvsagt vil rydda på plassen om nokon krev det.

- Men vi er i drift. Det er østers i anlegget, både i og utanfor pollen, fortel Bleie.

Marknadsføring av norsk sjømat
Personane bak selskapet er i oppdrettsbransjen frå før. Hogne Bleie jobbar for eit selskap som driv torskeoppdrett.

- Vi hadde ikkje planar om berre å driva med oppdrett på Innerøya, men ein kombinasjon av oppdrett og turisme, marknadsføring av Noreg og norsk sjømat i utlandet.

- I starten hadde vi blant anna ein delegasjon med franske kokkar og fransk presse på piknik i området, der vi saman med Eksportutvalget For Fisk koste oss med østers frå anlegget.

- Dette gav oss inntekter samstundes som det kom ein flott artikkel på trykk i magasinet til den kjente franske avisa La Tribune.

Ser etter nye partnarar
Inderøens Østersanlegg AS har seinare vore passive. Selskapet står med null i inntekt alle år frå 2005 og fram til i dag, og rundt 50.000 kroner i årlege utgifter.

- Fleire av personane eg hadde med meg, medeigarar og samarbeidspartnarar, har flytta eller skifta bransje. No strekk dessverre ikkje tida til, men entusiasmen er der enno, seier Hogne.

- Folk som er interessert i å bygga hytte på staden har kontakta meg for å kjøpa eigedomen, men eg synes det ville vore synd å ikkje driva vidare med østers på Innerøya.

No ser han etter nye partnarar, nokon med vilje, kapital eller kunnskap, som kan vera med å driva selskapet vidare.

Sjeldan vare
Forholda i pollen på Innerøya er spesielt gode. Ferskvatn som kjem til pollen når det regnar legg seg som isolasjon på sjøvatnet, som kan stengast for sirkulasjon for endå høgare temperatur. Det gjev gode gyteforhold.

Østersen som blir dyrka der, europeisk flatøsters, er meir sjeldan og blir selt til høgare pris enn den meir vanlege, men framande arten stillehavsøstersen.

- Stillehavsøstersen er motstandsdyktig mot nokre parasitter som har tatt knekken på europeisk flatøsters fleire stadar på kontinentet. Men langs delar av norskekysten er det slike oppdrett som i Os, der østersen ikkje har blitt råka av sjukdomane som har herja andre stadar.

Ekstern lenkje:
Meir om europeisk flatøsters på fresa.no

- Kva med østersen de har i anlegget? Blir den selt?

- Nei. Vi har ikkje tatt oss bryet med det enno. Kapasiteten i pollen er veldig høg, men vi har ikkje hatt ambisjonar om sal av stort volum. Vi har berre tatt ut litt til eige forbruk.

Lang tradisjon
Det var Ole Irgens som på 30-talet, truleg i 1933, starta østersoppdrett på Innerøya. Magnus Røttingen, som jobba på anlegget, kjøpte det på 50-talet og dreiv vidare til ein gong på 90-talet.

Ifølgje slektningar av Røttingen som Midtsiden har snakka med, hadde han fast leverandør i Bergen som han selte til, i tillegg til nokre hotell og restaurantar som var direktekundar.

I september 2004, to år etter at Røttingen døydde, blei Øyvind Sandberg sin dokumentar «Å seile sin egen sjø», vist på NRK-programmet «Fakta på lørdag». Dokumentaren, som handlar om blant anna Magnus Røttingen, blei vist på Bygdekino i Fjellheim i 2002/2003.

Eksterne lenkjer:
Filmskaper Øyvind Sandberg (med informasjon om dokumentaren)
NRK.no, om dokumentaren Å seile sin egen sjø

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.