Sport | 26. nov. 2016

Meistermøtet

Sjå dei to meistrane Arne Thuen og Frode Veim Haugland i finalen i kvalifiseringa til World Armwrestling League.

Andris Hamrelørdag 26. nov. 2016 17:54

Over 40 deltakarar får heile Noreg kjempa i dag om å kvalifisera seg til å få delta i World Armwrestling League og i den eine finalen møttest to av dei største handbak-kjempane frå Os - the grand old man Arne Thuen mot arrangør Frode Veim Haugland.

Kvalifiseringa hadde dei lagt ut til folket, nærare bestemt på ei scene på Amfi Os og det blei høg stemning og temperatur då semifinalane starta klokka 16 laurdag ettermiddag.

I videoen over kan du sjå samtlege semifinalar og finalar. Dei seks beste i kvar klasse gjekk vidare til England.

Os stilte med desse utøvarane: Andrea Drange, Lisbeth Fagerheim, Arne Thuen, Are Strønen, Tore Matre, Frode Veim Haugland, Ronny Risøen, Erlend Hjertholm, Eivind Bøe Johannessen og Per-Christian Helland Rundhovde.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.