MEKKar butikk
Torsdag opnar MEKK ny butikk på Amfi Os. Onsdag var det siste innspurt.
Eit organisert kaos herska i dei gamle lokala til MX Sport då Midtsiden er innom dagen før dagen.
- Eg trur vi har god kontroll. Dei seier i alle fall det dei som har vore med på dette før, smiler butikksjef Morten Taranger.
Om lag 6500 varer skal på plass i den 550 kvadratmeter store butikken.
Vekt på sjø og fiske
Sidan butikken opnar i ei kystbygd har butikken lagt spesielt vekt på utstyr til båt og fiske.
- Vi har mellom anna bunnstoff til båt frå alle dei tre store leverandørane, fortel Taranger.
- Det er jo gjerne slik at folk helst vil ha det same merket som dei har hatt tidlegare.
Alt kan skaffast
Vareutvalet er allereie breitt innan bil, båt, fritid, hus og heim og verktøy.
- Gjennom kjeda får vi gode innprisar på alle varer. Ikkje berre billige merker, men òg på merkevarer som til dømes verktøy frå Bosch.
- Vi har alt du treng innan motoroljer, bilpleieprodukt og styling av bilar, for å nemne noko, fortel Taranger.
- Og er det noko du treng som vi ikkje har så skaffar vi det garantert i løpet av nokre få dagar. Blir det produsert så skaffar vi det, lover butikksjefen.
Han fortel at fleire av leverandørane har store lager i Noreg, noko som bidrar til den korte leveringstida.
Butikken vil ha eit fast utval av varer og byta ut ein del av varene avhengig av sesongen.
To heile og ein halv
Saman med seg i butikken har Taranger Frode Gjærøy og Ole Aleksander Askvik.
- Frode og eg skal jobba fulltid, medan Ole Aleksander etterkvart skal jobba i 50 prosent stilling. No i starten kjem vi til å jobba fullt alle tre, fortel Taranger.
- I tillegg har vi knytt til oss eindel ekstrahjelper som vi kan ringa til om vi ser at vi treng fleire folk i periodar.
Kjem frå elektrobransjen
Taranger kjem frå jobb som selgar hos Bosch Siemens i Bergen, men har brei erfaring fra butikkhandel, spesielt frå elektrobutikkar som Expert og Elprice.
- Eg sakna butikklivet, så då sjansen baud seg måtte eg berra slå til.
- Det å møta folk i butikken er noko av det kjekkaste eg gjer, seier Taranger.
27 av 50
Butikken i Amfi Os er den 27. butikken i MEKK-kjeda som opnar.
- Vi har eit mål om å nå 50 butikkar innan 2014. Med den nye butikken på Os er vi eit steg nærmare, seier administrerande direktør Bjørn Håkonsen i MEKK Skandinavia.
- Vi har stor tru på etableringa i Os. Erfaringene frå tilsvarende område har vist at tilbodet vårt blir godt motteken i den lokale marknaden,
- Eg er heilt overvelda over den responsen eg har fått. Folk har kome bort, gratulert og ønska oss lykke til, smilar Taranger.
Torsdag formiddag opnar den nye MEKK-butikken i Os.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.