Lokal | 28. des. 2019

Melder 70-110 mm nedbør søndag

Gult farenivå: Det blir ein våt og vindfull overgang mellom 2019 og 2020.

Melder 70-110 mm nedbør søndag
Det er meldt mykje nedbør dei neste dagane, spesielt i morgon, søndag. Bildet er tatt ein våt septemberdag i 2018. (Foto: Kjetil osablod Grønvigh)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 28. des. 2019 10:31

Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel for Hordaland og Sogn og Fjordane grunna store nedbørsmengder og fare for flaum.

Etter ei stille og tørr jul kom vêromslaget natt til laurdag, og det er venta både meir nedbør og kraftigare vind dei komande sju dagane.

Søndag ligg an til å bli svært våt, her blei det først meldt 50 til 70 millimeter, no seier meteorologane at det kan koma 80 til 120 millimeter nedbør i løpet av 24 timar.

Det meste vil koma som regn opptil 1000 moh, noko som gjer at det er betydeleg rasfare blant anna på Voss og i Haradanger. Det er òg fare for stengte fjellovergangar.

I Os er det fare for oversvømte vegar. Innbyggarane blir oppmoda og reinsa takrenner og kummar, så vatnet renn unna.

Det er meldt regn kvar dag ei veke fram, men litt lettare vêr på dagtid nyttårsaftan.

Vindstyrken skal halda seg på 6-8 m/s dei neste dagane, men auka til 10-11 m/s på kvelden 2. januar.

• Sjå detaljert og oppdatert vêrmelding for Osøyro på VG Pent.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.