Vêret i Os | 30. jan. 2024

Melder kraftige vindkast onsdag

Onsdag og natt til torsdag får liten kuling.

Melder kraftige vindkast onsdag
I Vestland er det gult farevarsel, lengre nord skal det bli verre. (Kart: varsom.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 30. jan. 2024 13:59

Mens stormen «Ingunn» herjar i Nord-Norge er det venta kuling på Vestlandet.

I Os skal vindstyrken auka utover onsdag formiddag, og nå liten kuling i styrke etter lunsj.

Vinden skal opp i over 13 m/s frå 17-tida og utover kvelden, frå sør på dagen med dreiing til vest på ettermiddagen.

Det er meldt 4 til 6 plussgradar og regn frå 10-tida til rundt klokka 18. Det er òg venta nokre byger utover kveld og natt, og noko av nedbøren natt til torsdag kan koma som sludd eller snø.

Det er meldt lettskya og svakare vind torsdag, men regn igjen på ettermiddagen og heile fredag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.