Lokal | 09. des. 2019

Melder kuling frå tysdag og snø til helga

To døgn med kraftig vind frå sør.

Melder kuling frå tysdag og snø til helga
Når det kjem stiv kuling frå sør kan det sjå omtrent sånn ut i Os hamn dei neste to dagane. (Bilde frå januar 2018, foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 09. des. 2019 10:34

Ett nokre vindkast på morgonkvisten er det sol og laber bris i Os måndag og ut dagen.

Men frå lunsjtid tysdag skal det blåsa opp, og vindstyrken skal opp i 13-15 m/s (stiv kuling) rundt midnatt.

Vinden kjem frå sør. Det er flo klokka 9.24 og 21.33 tysdag, ein god halvtime seinare onsdag.

Vindstyrken er venta å halda seg på rundt 9 m/s onsdag, med ei auke til 10-12 m/s onsdag kveld, før den avtar til 5 m/s torsdag kveld.

Det er venta mykje nedbør mens vindstyrken er høg, og opphaldsvêr frå torsdag kveld.

Sol og snø

Fredag og laurdag er de meldt opphaldsvêr og 5 plussgradar, men laurdag ettermiddag kjem minusgradane.

Yr melder 3-4 gradar søndag og måndag, Storm melder 0-1 gradar og snø desse dagane.

• Sjå detaljert vêrvarsel for Osøyro med Yr og Storm side om side på VG Pent.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.