Melder opphaldsvêr nesten heile påsken
Det er venta høgare temperaturar.


Til liks med årets vinterferie, blir påsken tørr og solrik.
Påskeferien starta med skyfri himmel i går, og held fram med opphaldsvêr utover i veka.
Det er meldt lettskya ut dagen i dag, måndag er det meldt overskya.
Storm melder ei regnbyge i 17-tida i dag og frå 10 til 12 måndag, mens Yr melder opphaldsvêr begge dagane.
Tysdag blir lettskya eller skyfri, onsdag og torsdag noko meir skya, men opphald.
Tempreaturen skal ligga på 6 til 8 gradar ut veka, vindstyrken på rundt 3 m/s.
Storm melder regn langfredag frå 12 til 17, Yr melder opphald også denne dagen.
Påskeaftan og første påskedag er det meldt sol og tosifra på gradestokken.
- Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro på VG Pent
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker
Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Moglegheit for fleire brukarar
Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.