Lokal | 20. juli 2019

Melder over 25 varmegradar!

Ei ny hetebølgje er på veg til Spania og Frankrike, men også vi i nord får smaka på varmen.

Melder over 25 varmegradar!
Mobergsvika 27. juli i fjor. Då viste termometeret over 30 varmegradar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 20. juli 2019 07:46

Etter to veker med mykje sol og rundt 20 gradar har vi no ei våt helg i Os.

Det er venta fleire regnbyger laurdag og gjennom søndagen, men opphgaldsvêr frå søndag ettermiddag og gjennom måndagen.

Temperaturen skal ligga på 16 gradar laurdag, ned i 14 gradar søndag og opp i 18 gradar måndag.

Frå tysdag kjem sommarvêret snikande tilbake.

Yr melder sol og 19 gradar tysdag, Storm melder 22 gradar tysdag og onsdag.

Torsdag og fredag er det meldt 25 til 27 varmegradar og sol på Osøyro.

Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro.

Ei hetebølgje prega fleire land lengre sør i Europa i juni. Frankrike noterte ny varmerekord med 45,9 gradar 28. juni.

Ifølgje VG er det no ei ny hetebølge på veg. Det er venta at temperaturen i Frankrike skal opp i 39-40 gradar innan tysdag.

I Spania er temperaturen venta å hamna 8 gradar høgare enn snittet for sesongen.

Norway Cup i 30 gradar?

Vakthavande meteorolog i Meteorologisk institutt Magnus Ovhed seier til VG at han trur dei høgaste temperaturane vil halda seg unna Noreg, men at det kan bli varmare enn normalt, særleg på Austlandet, der det er venta at temperaturen kjem opp i 30 gradar.

Over hundre spelarar frå Os deltar i årets Norway Cup, som startar om ei veke.

Dei kan få ei heit turnering i Oslo.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.