Lokal | 21. feb. 2019

Melder påskevêr i vinterferien

Blaut snø i fjellet, sol og 11 varmegradar i låglandet.

Melder påskevêr i vinterferien
Sol og skodde sett frå Oseana-terrassen 10. april i fjor. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 21. feb. 2019 14:06

I morgon er siste skuledag før vinterferien, og har du planar om å få deg frisk luft i løpet av fridagane, kan du gle deg til solrike og varme dagar.

Yr og Storm melder opphaldsvêr kvar dag til og med onsdag neste veke, med unntak av noko nedbør natt til søndag, og at Storm melder nedbør gjennom store delar av måndagen.

Tørr og fin helg

Laurdag er det meldt 6-9 varmegradar lettskya, svak vind på formiddagen, lett bris etter lunsj.

Søndag er det meldt lettskya og svak vind gjennom heile dagen.

Tysdag og onsdag mest solrik

Måndag melder Yr opphaldsvêr mens Storm melder regn.

Men dei to er samde om sol og 8-11 varmegradar både tysdag og onsdag.

Avsluttinga på vinterferien kan bli fuktig.

Yr melder opphaldsvêr fram til torsdag kveld, Storm.no melder nedbør frå morgonen av.

Påskeføre i fjellet

Vinteren kom seint til skianlegga på Vestlandet, men dei har nok snø til å vera i drift.

Heisane nærmast Os, i Eikedalen, skildrar forholda som påskeføre, men har ope både Tvillingtrekket og Setertrekk på laurdag.

• Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro frå Yr og Storm på same side på VG Pent.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.