Lokal | 02. nov. 2011

Melder seg som natteravn

Laila Marie Reiertsen (FrP) er lei hærverket i sentrum og blir natteravn. No utfordrar ho politikarkollegaer.

Melder seg som natteravn
Andris Hamreonsdag 02. nov. 2011 12:55

Kvar sundag går natteravnane vakt i Os sentrum. No melder stortingsrepresentant og kommunestyrepolitikar Laila Marie Reiertsen (Frp) seg til teneste.

- Eg gjer det først og fremst fordi eg er lei av alt hærverket.

- I tillegg treng ein flere som kan ta eit ansvar for å gje tryggleik i sentrum, skriv den komande natteravnen i ei melding til Midtsiden.no.

To gongar i året

Midtsiden.no var med natteravnane ein laurdagskveld i byrjinga av september.

Då var dei omlag 70 natteravner, men dei ønsker seg fleire slik at dei kjem opp mot 100 slik at dei klarte å dekkja opp alle helgane utan at folk treng å gå meir ein eit par gongar i året.

Utfordrar politikerkollegaer

Nettopp dette ønskje har Reiertsen lagt seg på minne.

- Blir vi fleire treng vi ikkje gå så ofte.

- Difor utfordrar eg alle til å melda seg, men først og fremst politikerar som ikkje allereie er det. No er det eit nytt kommunestyre der det er fleire nye som kanskje kunne ha bidratt.

- Utfordringa er med dette sendt, avsluttar Reiertsen.

Har du lyst til å veta meir om natteravnane eller å melda deg til teneste kan du kontakta Sveinung Dalland på telefon 911 88 318 eller e-post: sveinung.dalland@hotmail.com. Alternativt kan du kontakta Tore Kleppe på 900 56 636 eller to-klep2@online.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.