Lokal | 24. jan. 2019

Melder snø fredag og laurdag - så skal det bli kaldare

Dagens påfyll er ikkje det siste. Neste veke kan bli bitande kald.

Melder snø fredag og laurdag - så skal det bli kaldare
Os i dag: Morgontrafikken gjennom Os sentrum forbi Undino. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 24. jan. 2019 08:27

Onsdag kveld og natt til torsdag kom det påfyll av kram snø.

– Vi har ingen notat frå trøbbel i trafikken på glatten, håper folk klarer seg fint gjennom dagen i dag, seier politioverbetjent Rune Fimreite.

Einaste tips Midtsiden har fått inn handlar om ein lastebil i grøfta mellom klosterruinane og Ole B på Lyseklostervegen i 19-tida. Denne kom seg raskt vidare, men det var noko hindring i trafikken ei stund.

Tørr torsdag, men meir snø i vente

Det er meldt opphaldsvêr frå torsdag formiddag og ut dagen.

Fredag er det venta 0 til 2 plussgradar og meir nedbør, truleg i form av snø eller sludd.

Også laurdag skal det koma noko nedbør, men då er det meldt ein grad kaldare.

Sol og kulde

Søndag og måndag er det venta opphaldsvêr, kanskje også med litt sol.

Vêret skal bli stadig lettare utover veka, med skyfri himmel frå onsdag.

Men det skal òg bli kaldare, ned i 8 til 12 minusgradar ifølgje Storm.no. Yr nøyar seg med å melda 2 til 4 minus.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.