Lokal | 04. okt. 2018

Melder sol og 17 (!) gradar i haustferien

Starten og slutten på haustferien får tørrast vêr.

Melder sol og 17 (!) gradar i haustferien
På veg til Møsnuken i april i år. Også hausten kan få fint turvêr. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 04. okt. 2018 08:50

I morgon er siste skuledag før haustferien set inn. Dei som ikkje skal til Syden eller hausta poteter i potetferien kan gle seg over fint turvêr.

Den nærmast samanhengande lange nedbørsperioden vi framleis er inne i, kan snart vera over.

Tørr helg i vente

Det er meldt jamt med regn gjennom dagen i dag, men allereie fredag kan det bli lettare.

Yr melder opphaldsvêr fredag, Storm melder lett regn gjennom heile dagen.

Begge er einige om opphaldsvêr laurdag og endå meir lettskya søndag.

Vindstyrken skal gå ned frå 6-7 m/s fredag til 1-3 laurdag og 3-4 søndag. Temperaturen skal ligga på rundt 8-9 gradar.

Melder sol og 17 (!) gradar neste veke

Frå søndag kveld skal det regna igjen, og regnet held fram måndag og tysdag.

Men i løpet av onsdag i neste veke skal det letta, og torsdag og fredag kan få veldig varmt haustvêr.

Både Yr og Storm melder sol frå nesten skyfri himmel torsdag og fredag om ei veke.

Storm spår temperaturar på 17 gradar, Yr nøyar seg med 14 gradar.

• Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro på Pent.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.