Lokal | 09. mars 2011

- Meldingane haglar inn

Os kommune er ikkje berre glad for den nye «Fiks gata mi»-tenesten. Folka bak nettstaden fortel om formidabel respons.

- Meldingane haglar inn
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 09. mars 2011 13:19

Måndag skreiv vi om Fiksgatami.no, den nye nettbaserte riskdekkande tenesten der innbyggarane kan varsla om problem og manglar med veg, gatelys eller boss.

- Takk skal du ha, seier kommunaldirektør Karl Ole Midtbø ironisk.

Han fryktar at mengda med meldingar skal krevja for mykje tid å gå gjennom og svara på.

- Det kom inn 50 epostar i éi røys i går, vi har sikkert fått hundre meldingar til saman. Skal det halda fram på denne måten så blir det ikkje mykje tid til å vera ute felten å retta feil.

Kommunen får meldingane vegvesenet skulle hatt

Hol i vegen, uoversikteleg rundkjøring, vatn i vegen og «Sykt irriterende plass!» er tittelen på nokre av dei første meldingane som kom inn i Os.

At fleire melder frå om same problem er éi av utfordringane til kommunen, at flesteparten av meldingane gjeld riks- eller fylkesveg, som vegvesenet, ikkje kommunen har ansvaret for, er største mangel ved rapporteringstenesten, meiner Midtbø.

- Det er tilsvarande med avfall, mange som ringer kommunen med problem eller spøsmål som er Bir si oppgåve å løysa. At vi no skal få feilmeldingar på vegar som vegvesenet har ansvar for gjer det ekstra krevjande å sitja i epostmottaket, seier kommunaldirektøren.

- Vi flyttar ansvaret frå folket til det offentlege

Friprogsenteret, som står bak Fiksgatami.no, fortel om enorm respons på tenesten, både frå media og frå innbyggarane.

- Vi hadde 25.000 besøk første dag. I Oslo har det kome inn over 100 saker, i Trondheim over 250. Serveren gjekk i kne første dag, men no har vi fått hjelp av VG si tekniske avdeling og fått auka kapasiteten, fortel fungerande direktør Christer Gundersen.

Gundersen fortel at Os kommune ikkje er den einaste som har reagert på mengda med meldingar.

- Det viser behovet for tenesta. Før var det opp til innbyggarane å finna rett plass å rapportera om problem, no flyttar vi dette ansvaret over til det offentlege. Det bør dessutan vera betre å få rapportane på epost enn på telefon, slik dei gjorde før, meiner han.

Treng betre kartdata

Samstundes som han seier seg nøgd med eigen lansering fortel Gundersen at dette med feiladressering av nokre av rapportane dessverre er eit vanleg problem.

- Årsaka er at vi førebels ikkje har fått over godt nok kartdata. Vi har bedt Statens kartverk om betre data, men dette har blitt eit kostnadsspørsmål som vi jobbar med å få staten til å ta seg av.

Friprog er statleg finansiert, men uavhengig organ. Dei har førebels ikkje fått midlar til kartdata som kan seksjonera ut kven som har ansvar for kva veg slik at alle rapportane blir sendt til rett stad.

- Medan vi venter på å få dette på plass tar eg gjerne ein tur til Os for å diskutera korleis vi kan gjera dette betre. Har dei kartdata i handa så har vi system for å ta det i bruk, også vegvesenet har sagt at dei kan skilja ut ned til kvar kontraktør.

- At nokre førebels ser på det som brysamt med så mange meldingar forstår eg. Men på sikt trur eg Fiksgatami.no blir ein teneste som det offentlege har stor nytte av, seier Christer Gundersen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.