Lokal | 10. feb. 2020

Meldt etter episode på privat fest

Forulempa politiet på veg til arrest.

Meldt etter episode på privat fest
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 10. feb. 2020 08:45

Laurdag i 23.30-tida rykte politiet ut til ein privat fest.

Ein festdeltakar lagde bråk og utførte skadeverk.

Vedkomande, ein mann i 20-åra frå Os, blei køyrd til overnatting i arresten.

– Han blir i tillegg meldt for forulemping av offentleg tenestemann, fortel politioverbetjent Christine Grindstein.

Natt til søndag og søndag blei roleg for politiet, med unntak av ein påkøyrd hjort i Strøno og røykutvikling i ein einebustad i Hagavik.

Dei to personane i bustaden kom seg ut, men må bu ein annan plass nokre dagar, truleg ut veka.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.