Lokal | 27. aug. 2014

Meldt for å låna bort båten

Politibåten undersøkte mogleg tjuveri, stoppa båtførar utan løyve og bøtela ungdom som køyrde for fort.

Meldt for å låna bort båten
Politibåten var i Os tysdag ettermiddag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 27. aug. 2014 07:25

Politibåten blei beden om å komma til Os tysdag ettermiddag etter at ein meldar hadde funnen ein båt som han mistenkte var stolen ved Blindasundet.

– Båten låg ein plass kor det normalt ikkje ligg båter.

– Den mangla motoren, men patruljen på politibåten var ute og såg på den og noterte andre kjenneteikn.

– Saka vil bli følgt opp og vi vil freiste å finna eigaren, seier politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.

Høgsesong for motortjuveri

Politiførstebetjenten minner om at det no byrjar å bli høgsesong for tjuveri av båtmotorar og utstyr frå båthamner.

– No når det blir meir ruskevêr og mørkare, så veit vi av erfaring at antal tjuveri av motorar og frå båtar aukar.

– Det er gjerne lettarar for tjuvar å ikkje bli oppdaga i skumringa.

– Vi vil difor oppmoda båteigarar om å sjå ekstra godt etter båtane sine, eller ta dei på land om dei ikkje har planar om å bruka dei utover hausten.

– Folk må sikra verdiane sine, oppmodar Hadler-Olsen.

Kjørte uten båtførarbevis, far blei meldt

Sidan politibåten allereie var på Os gjennomførte dei samstundes nokre kontrollar.

– I Halhjemsosen stoppa dei ein ung båtførar som kjørte båten utan det naudsynte båtførarbeviset.

– Der blir far, som eigde båten, meldt for å ha overlatt båten til ein som ikkje hadde lov til å køyra den, fortel politiførstebetjenten.

Køyrde for fort

Båtpatruljen stoppa òg ein båt ved Vedholmen.

– Der blei ein 17 år gamal gut bøtelagt for å køyra fortare enn dei 5 knopa som er tillatt på staden, avsluttar Hadler-Olsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.