To meldt for sladding - ein annan kolliderte i konteinar
Eitt uhell og to menn meldt etter ulike episodar på glatten.
Søndag morgon fortalte Vest politidistrikt om åtte uhell på glatten etter at snøen kom laurdag ettermiddag, men ingen personskade.
I Os var det eitt uhell.
– Klokka 22.34 fekk vi melding om ei utforkøyring nær Os sentrum, fortel vakthavande ved Bjørnafjorden lensmannskontor.
Bilen glei rett fram i ein sving, og stoppa i ein konteinar. Det var ingen skade på førar, mindre skade på bil og uvisst om det var skade på konteinar.
– Vi prøvde, utan hell, å varsla eigar av konteinar, opplyser politiet.
To meldt for sladding
Rundt midnatt blei to bilar observert mens dei leika seg i snøen på ein privat parkeringsplass i Hagavik.
– Bilførarane, som begge er i 20-åra, er meldt for brot på vegtrafikkloven paragraf 3.
I 01.30-tid i nat blei ein bil kontrollert i Os sentrum. Bilen hadde for store felgar. Førar fekk pålegg om anten å skifta felg eller å få dimensjonen godkjent av Statens vegvesen.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.