Lokal | 01. juni 2020

To menn i arresten i helga

Fyll og brot på besøksforbod.

To menn i arresten i helga
Politiet fekk fleire oppdrag i sentrum i helga. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 01. juni 2020 08:30

Fredag i 14.30-tida blei ein mann pågripen i Os sentrum.

– Han er meldt for brot på besøksforbod, og blei tatt med inn på lensmannskontoret, fortel politioverbetjent Christine Grindstein.

Vedkomande, ein mann i 20-åra, hadde oppsøkt ei kvinne han er ilagt besøksforbod mot.

– Det oppsto ingen konfrontasjon, og han blei dimittert seinare same dag.

I 18-tida fredag rykte politiet ut på liknande forhold. Denne gong var det ein mann i 40-åra som ikkje retta seg etter besøksforbod mot ei anna kvinne.

Vedkomande spytta etter ein av politibetjentane, og blei køyrd i arresten, meldt for både forulemping av offentleg tenesteperson og for brot på besøksforbod.

Full og uønskt gjest

Natt til laurdag fekk politiet melding om ein mann i 20-åra som lagde uro ved ein bensinstasjon i Os sentrum.

– Meldinga kom i 1-tida, patruljen møtte vedkomande i 2-tida. Han fekk pålegg om å fjerna seg frå sentrum.

Laurdag kveld fekk politiet melding om bråk på ei privat adresse.

– Vi henta ein mann i 40-åra som ikkje var ønskt på plassen. Han blei vurdert som for full til å ta hand om seg sjølv, og blei køyrd via legevakt til overnatting i arresten i Bergen.

Søndagsjobbing og skadd svane

Første pinsedag, litt før klokka 12, fekk politiet klage på støy frå arbeid på Halhjem.

– Nokon heldt på med lasting eller lossing av stein og grus frå land og om bord i ein arbeidsbåt. Dei fekk pålegg om å ikkja skapa unødig støy på kviledagen, og retta seg etter dette.

I løpet av helga kom det òg melding om skadd svane i Lekvenvågen. Svana skal ikkje ha klart å gå skikkeleg. Viltkontakt blei varsla.

Båt på grunn i Austevoll

Ein fritidsbåt gjekk på grunn og tok inn vatn søndag. Politiet varsla først at det var i Os, men Litleskorpo er rett over fjorden, nord i Austevoll.

– Ingen blei skadd og båten blei slept til land, fortel Grindstein.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.