Sport | 12. apr. 2020

To menn sette spor etter seg på Amfisenteret

Oppkøyring til Norseman: Halvmaraton rundt AMFI Os.

To menn sette spor etter seg på Amfisenteret
Dette er spora etter Eivind sine 38 og Kenneth sine 28 rundar rundt AMFI Os.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 12. apr. 2020 10:53
  • Midtsiden har starta opp igjen med gratis nyheitsbrev på epost - meld deg på her

Det er tett med fjellgeiter og joggarar i Os om dagen, men Eivind Hodneland og Kenneth Hausberg sin lange løpetur rundt Amfisenteret skjærtorsdag, handlar ikkje om koronakrisa.

– Eg fekk ein idé. Det er kanskje ikkje det smartaste ideen eg har hatt, men heldigvis er Kenneth ein som stort sett alltid seier ja, ler Eivind Hodneland.

Han har fått plass i årets Norseman Xtreme triathlon, åtte år etter debuten, og ville ha ei oppkøyringsøkt som var litt annleis.

– Den blei annleis, det kan du trygt seia. Det var noko av det tyngste eg har gjort, og sånn sett god mental trening. Men det var òg gøy.

28 + 38 rundar

Hodneland hadde målt lengda rundt senteret til å vera cirka 550 meter. Ikkje stort lengre enn ein vanleg løpebane (400 meter).

Dermed var det berre til å springa rundt 38 rundar, og følgja med på treningsklokka kor tid han passerte presise 21.097,5 meter, altså halvmaratondistansen.

(Artikkelen held fram under kartet)

Sånn såg kartet ut etter løpet.
Sånn såg kartet ut etter løpet.

– Eg har løpt halvmaraton berre éin gong, under Bergen City halvmaraton i 2017, så eg nøya meg med 28 rundar, altså rundt 15,4 kilometer, fortel Kenneth.

I vinter har han stort sett trent styrke, men etter at koronakrisa stengte døra på treningssenteret fann han tilbake løpegleda igjen.

– No blir det 2-3 turar i veka, 5-6 km per tur. Desse 28 rundane blei ei grei utfordring.

Kenneth og Eivind løpte saman dei første fire rundane. Så var det på med øyreklokker og ta runde etter runde i eige tempo.

– Eg synest det var ein god idé og eit kjekt løp. Eg høyrde på podcast og koste meg! Vi hadde bilen parkert ved Europris, så den fungerte òg som drikkestasjon.

– Innimellom måtte vi ta omsyn til kundane på søndagsopen Coop Extra, og innimellom fekk vi nokre tilrop og heiing frå folk på spasertur. Det var ei gøy løype, flat og fin, men eg merker at eg må få meg nye sko til asfaltløping, seier Kenneth.

Eivind (t.v.) fekk med seg Kenneth på nok eit innfall.
Eivind (t.v.) fekk med seg Kenneth på nok eit innfall.

Får snart svar frå Norseman

Klokka 5 om morgonen 1. august startar årets Isklar Norseman Xtreme triathlon & XTRI World Championship.

Norseman Xtreme triathlon består av 3,8 km svømming i Hardangerfjorden, frå ei ferje og inn til Eidfjord, 180 km på sykkel frå Eidfjord, opp og over Hardangervidda, forbi Geilo til Austbygde ved Tinnsjøen, og maraton mot Rjukan og opp til Gaustadtoppen (1883 moh) for tur. Konkurransen blir kalla verdas hardaste triatlon innan ironman-distanse.

– Så vidt eg hugsar frå 2012 var det gøy å delta. Det er oppgøyringa som svir, seier Eivind.

Det er maksimalt 250 deltakarar med. Nokre plassar blir delte ut til norske og utanlandske eliteutøvere, resten går ut på loddtrekning blant søkjarar.

– Eg var heldig og fekk plass igjen. No håper eg det ikkje blir utsett grunna koronapandemien.

– Vi skal visst få svar 19. april. Blir det utsett, så får eg finna eit anna løp. Og starta ny oppkøyring til hausten, seier Hodneland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.