Lokal | 08. juli 2016

To menn tatt med steroidar

Politiet var på ransaking i treningsmiljøet i går.

To menn tatt med steroidar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 08. juli 2016 07:38

Torsdag var politiet i Os på ransaking hos ein mann som er mistenkt for bruk av anabole steroidar.

– Vi fann restar av fleire ulike typar steroidar, seier politiførstebetjent Kenneth Rastad.

– Mistenkte var ikkje heime, men ein kamerat var der.

Begge er sikta og begge er menn i 20-åra, tilflytta frå utlandet.

– Ønskjer å prioritera doping

Frå 1. juli 1993 blei straffelova for dopingbrotsverk utvida, frå 1. juli 2013 blei den yttarlegare utvida med forbod mot både erverv, oppbevaring og bruk.

Det betyr at doping er sidestilt med narkotika, allereie ved bruk kan du risikera straff og problem med blant anna å få visum i land som USA.

I mai i fjor gjekk Rastad ut saman med lege Hege Tønnesen og ruskonsulent Jan Rune Bakke og fortalte om auka fokus på doping.

Les òg: Tar dop for å få sixpack til sommaren

– Til no har vi dessverre ikkje hatt ressursar til å jobba inn mot dette på den måten vi hadde ønskje om. Så snart ressurs-situasjonen er annleis står dette høgt på ønskjelista, seier Rastad.

Små mengder

Beslaget i går var det første «reine» dopingbeslaget etter oppslaget om auka fokus.

– Dette er menn som vi ikkje mistenker for narkotika, men som trener aktivt på treningssenter.

– Det var ikkje så store mengder og vi har førebels ikkje fullført avhøyr. Denne saka vil truleg resultera i forelegg.

– Korleis blir steroidar vurdert i forhold til mengder og straff samanlikna med ulike typar narkotika?

– Det er vanskeleg å gje eit presist svar på, men det skal ikkje så mykje til før du risikerer streng straff, seier Rastad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.