Merka du jordskjelvet?
Laurdag morgon blei det registrert eit lite jordskjelv i Fusa.
Klokka 05.19 laurdag morgon blei det registrert eit lite jordskjelv med episenter i Fusa, mellom Strandvik og Vinnes.
Det er Norsar si nettside jordskjelv.no som har notert skjelvet.
Styrken var målt til 1,1 på Richters skala.
Det kraftigaste jordskjelvet som er målt på Vestlandet i nyare tid, var 12. august 2000. Det skjelvet hadde ein styrke på 4,6, med episenter på Tysnes, men kunne merkast i Skien på Austlandet. Dei to kraftigaste jordskjelva som er registrert i Noreg var på Helgeland i 1819 (rundt 6) og i Oslo 23. oktober 1904 (5,4).
Dei fire største jordskjelva, dei einaste som er målt i styrke over 9, var «langfredagsjordskjelvet» i Alaska 27. mars 1964 (målt til 9,2), i Chile 22. mai 1960 (målt til 9,5, tilsvarande éin million Hiroshima-bomber), jordskjelvet ved Tōhoku i Japan 11. mars 2011 (målt 9,0) og jordskjelvet i Indiahavet 26. desember 2004 (målt til 9,1). Kjelde; Wikipedia.
Dei siste hundre åra har over éin million menneske omkome på grunn av jordskjelv. Vi vil tru dei fleste kom seg heilskinna gjennom skjelvet på Fusa.