Lokal | 24. des. 2012

Merka ikkje brannen

Tre personar var i huset medan flammane sto opp frå taket.

Merka ikkje brannen
Brannvesenet på veg opp på taket for å undersøkja nærmare. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 24. des. 2012 00:53

Litt før midnatt veslejulaftan, klokka 23.43, kom melding om brann i ein bustad i Håvardsvegen på Haugland.

– Vi rykte ut med fullt mannskap, seier varabrannsjef Arne Monsen.

Det var ein nabo som varlsa om brannen. Då sto det flammar opp frå taket på huset, som ein ung mann leiger hos ein annan nabo.

– Han som bur i huset hadde to kameratar på besøk. Dei merka ikkje brannen før naboen kom og varsla, fortel politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.

Prøvde å sløkja sjølv

Dei tre prøvde å sløkja sjølv før brannvesenet kom fram, men pulverapparatet var ikkje nok.

– Vi fekk sløkt brannen raskt, men eg eg frykta ei stund at den hadde spreidd seg til blindloftet, seier varabrannsjefen.

No er det gjort grundige undersøkingar på staden og det skal ikkje vera fare for at noko ikkje er sløkt.

Ikkje pipebrann

Årsaka var verken elektrisk anlegg eller pipebrann.

– Dei som bur i huset hadde fyrt i omnen. Ein teori kan vera at glør frå pipa har blitt kasta inn under ein takstein i denne vinden vi har i kveld.

– Men årsaka er førebels uvisst, seier Monsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.