Lokal | 12. okt. 2011

Merke-leg liten plass

Må merka plassen på nytt: Det går unna med merkinga av parkeringsplassane i Os sentrum. Det er berre eitt problem ...

Merke-leg liten plass
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 12. okt. 2011 21:18

Etter mykje venting er endeleg vegmerkinga i gang i Os sentrum. God merking av både parkeringsplassar og fotgjengarfelt skal gjera det tryggare i trafikken og skapa betre og fleire parkeringsplassar.

Les òg:
Merkinga er i gang

– Ikkje rart det blir fleire parkeringsplassar når plassane er for små, ler Stian Bårtvedt, og sender Midtsiden eit bilde av sin eigen bil parkert utanfor mamma Anne Berit Moberg sin skobutikk i Telthuskvartalet.

Inneklemt

Bilen stikk utforbi streken både framme og bak.

– Eg skal alltids klara å ta ein handbrekksladd inn, men å koma seg ut mellom to bilar blir verre.

5 meter ikkje nok

Midtsiden kontakta Vegmerking Vest, som jobbar med merkinga i sentrum. Dei meinte at plassane skulle vera 5 meter, som er standard.

Og det er dei. Rett nok frå ytterkant kvitstripe bak til ytterkant kvitstripe framme, ifølgje Midtsiden sin meterstokk.

– Vi har vore og målt dei i kveld vi òg, og eg synes det er merkeleg at ikkje standardmålet på 5 meter skal halda mål, seier Dag Einar Ånonli frå Vegmerking Vest.

Merker på nytt

I kveld er Vegmerking Vest i sving i sentrum igjen, og dei har i samråd med parkeringsvert Elisabeth Thomassen, som gjev gebyr om du står på kvitestripa, bestemt seg for å merka plassane i Telthuskvartalet på nytt.

– Vi fjernar merkinga torsdag og merker på nytt med 6 meter lengde torsdag eller fredag. Det er berre dette strekket som må takast på nytt, dette er einaste plass bilane står etter kvarandre av dei plassane vi har merka.

– Det betyr at talet på plassar langs Telthuskvartalet blir redusert frå 6 til 5 plassar, seier Ånonli.

Så får vi satsa på at dei hugsar å ha 6 meter lange plassar også utanfor Gullsmed Eide og Rosvold når dei kjem så langt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.