Lokal | 20. sep. 2015

Mest populær i fylket

Trudde du Terje fekk mange personstemmer i Os? I fylkestingvalet var han den einaste som slo Anne Gine Hestetun.

Mest populær i fylket
Anne Gine Hestetun og Terje Søviknes, her i Oseana i 2011, er dei to mest populære i årets fylkestingval. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 20. sep. 2015 20:27

Blant politikarane i Os som fekk flest personstemmer og slengjarar ved kommunestyrevalet var ordførar Terje Søviknes (Frp) suveren med 2.032, nesten 1700 fleire enn Helge Steinum (Ap) på 2. plass.

Også i fylkestingvalet må ein Ap-politikar finna seg i å ta 2. plassen, påtroppande fylkesordførar og tidlegare StorBergen-direktør Anne Gine Hestenun fekk 6.729 personstemmer, mens Terje Søviknes fekk 7.466.

– Eg har fått ein del personstemmer før, men aldri så mange som dette, seier ein takksam Søviknes til Midtsiden.

27,5 prosent av dei som stemte Frp i Hordaland har gjeve personstemme til Terje.

Spent på kva ny styring betyr for skulevalet

Søviknes nemner Frp sitt nei til køprising og ja til fritt skuleval i vidaregåande skule har vore blant dei viktigaste sakene for Frp på fylkesnivå den siste tida, og med på å gje han fleire personstemmer.

– I kampanje som Hordaland Frp køyrde i valkampinnspurten var, som i Os, med fokus på meg som person. Det har nok òg vore med på å dra opp stemninga.

Dei borgarlege mistar, etter 12 år, makt på fylkestinget etter valet. No er det Ap, KrF, Sp og SV som overtar.

– Det blir spesielt spennande å sjå kva ny leiing vil gjera med fritt skuleval, om dei vil gå tilbake til at geografien skal bestemma, at det blir slutt på at ungdom frå Os kan gå ymnas i Bergen.

8 % også i kommunane?

Os-ordføraren sto frå før på toppen av Hordaland Frp si liste, så personstemmene fekk ikkje noko å seia.

– Men med denne mengda stemmer ville eg, om eg sto på honnørplass, rykt rett inn på fylkestinget. Det er verdt å hugsa om eg éin dag vurderer å takka ja til ein sånn plass.

– Elles er det ein sovande regel om at personstemmene må utgjera 8 % av stemmene for at du skal kunna klatra på lista. Regjeringa vurderer at tilsvarande regel i framtida skal omfatta også stortingsval.

Personstemmer til Bahus og Kvinge

Os har fleire osingar i det komande fylkestinget.

Søviknes sin partikollega Gustad Bahus ligg på 5. plass på Frp si liste over 7 kandidatar og fekk 785 personstemmer.

Olav Kvinge ligg på 8. plass av Høgre sine 12 representantar og fekk 385 personstemmer.

På BT.no kan du sjå alle fylkestingrepresentantane.

Midtsiden samleside: Val 2015

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.