Lokal | 20. des. 2012

– Mest snop på taket

Mange ville bygga borg i årets peparkakeby i Øyane, men enkelte var strategisk og heldt seg til hus.

– Mest snop på taket
Sånn blei årets peparkakeby i Øyane. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 20. des. 2012 15:06

SFO-en ved barneskulen i Øyane held på tradisjonen med å bygga peparkakeby.

– I år starta vi ekstra tidleg så vi fekk den klar til starten på desember, seier SFO-leiar Nini Ramsvik.

43 ungar frå 1. til 4. klasse bygde kvar sitt hus, eller borg.

– Det var fleire som ville bygga borg i år, men då vi kom i gang var det enkelte som såg at det kunne vera smart å halda seg til hus.

– Det er jo plass til mest snop når du har tak, ler Nini.

Ungane har kjevla og pynta sjølv, samansetjinga står dei vaksne for.

Og i dag fekk ungane med seg husa heim, nokre med meir snop enn andre ...

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.