Midlertidig stopp for utskriving av pass på Os

Treng du nytt pass? Dei neste 12 månadane må du ut av Os for å bestilla.

Denne automaten er fullbooka ut januar, så skal den vekk. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 06. jan. 2020 12:46

Det er i ferd med å bli etablert 77 pass- og ID-kontor i Noreg.

I november 2018 blei det klart at Os får eitt av desse, mens 64 andre kontor i Noreg blir lagt ned.

Austevoll og Fusa er blant desse, men no blir det òg ein periode utan passbestilling ved Os lensmannskontor.

• Les òg: Nytt distrik, men same namn etter kommunesamanslåinga

Må venta på ny politistasjon

– Det følgjer eigne krav med dei nye pass- og ID-kontora, blant anna når det kjem til fasilitetar. Sidan vi får ny politistasjon om eit år, blir det inga ombygging her i Irisgården, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal.

Anleggsarbeidet på ny politistasjon på Moberg starta i november i fjor.

– Hos oss blir det slutt på utskriving av pass frå 1. februar, då blir maskinene våre fasa ut. Januar er allereie fullbooka, så dei som ikkje har bestilt time må dessverre bestilla ein annan plass.

– Vi forstår at dette blir sett på som ei ulempe for mange som bur i og nær Os, men det er midlertidig, og vegen til nærmaste kontor er berre rett over 30 kilometer.

Fyllingsdalen eller Stord?

Lensmannskontoret på Os har på det meste skrive ut over 2.500 pass i året.

• Politiet.no: Her kan du bestilla time til kjøp av nytt pass

I Fusa blei det stopp på passbestilling i haust. Nærmaste stad å bestilla time til å få nytt pass er Bergen vest politistasjon i Fyllingsdalen.

Øygarden, Nordhordland og Stord er andre alternativ.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.