Sport | 14. sep. 2020

Midtbanespelar frå Ålesund klar for Os

Var med og slo Os i 2017.

Kristian fekk velja mellom olboge og knoke då han signerte med Endre og Os. (Foto: Os Fotball/osturn.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 14. sep. 2020 08:37

Dei siste vekene har Os Fotball hatt Kristian Hjelvik Halvorsen (21) i trening. I førre veke fortalte klubben at midtbanespelaren no er signert.

Halvorsen har 118 kampar bak seg for Herd, blant anna då dei slo Os 2-3 i 2017, etter straffemiss av Hafsås i sluttminutta av heimelaget.

Hjelvik Halvorsen var i 2017 med på å slå Os med Herd i ein tøff og jamn kamp på Kuventræ. (Foto: KVB)

Han skåra 10 mål på 14 kampar den sesongen. I fjor spelte han òg tre kampar for Brattvåg (éin i NM, to i PostNord-ligaen).

Kristian er best med venstre fot, og blir skildra som svært god med ball og med stor løpskapasitet.

Han har flytta frå Ålesund til Bergen for å studera, noko Os-trenar Endre Brenne fekk nyss i, og inviterte den unge, men erfarne midtbanespelaren til Kuventræ.

– Det er eg glad for. Kristian imponerte stort frå første stund! Trass sin unge alder har han fartstid frå både 2. og 3. divisjon, han er ein klassespelar på dette nivået, seier Brenne til osturn.no.

Det er framleis uklart om Os og resten av 3. divisjon får spela kampar i haust, eller om vi må venta til 2021 for å sjå Halvorsen debutera.

Tidlegare i år har Os signert tidlegare Brann-spelar Zsolt Korcsmár (31) og David Cárdenas Trias (35) frå tredje nivå i Spania og Sander Lønne Dyngeland (21) frå Fana.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.