Næringsliv | 03. jan. 2020

Midtsiden auka med 32 % i haust

Ligg på 40.000 lesarar per veke. Desse sakene slo best an i 2019.

Midtsiden auka med 32 % i haust
Midtsiden har kontor i 4. etasje i Smiegården i Os sentrum. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 03. jan. 2020 12:08

Frå 1. august til 31. desember har mengda lesarar auka frå 304.000 til 402.000, over 32 %, og trafikken frå 3,99 til 4,51 millionar sidevisingar (13,4 %) samanlikna med same periode i 2018.

I snitt har vi 9.593 unike lesarar per dag og rundt 40.000 per veke. Vi reknar med at fleire av desse er «tilfeldige» lesarar, men 60 % av dei er «returning visitors» og 25.000 per veke er frå Os og Bergen. Mengda sidevisingar i snitt er 226.000 per veke.

Veksta var størst i haust, samla auke i lesartalet for heile 2019 tilsvarar 14,60 % opp samanlikna med 2018.

På topp: Valresultat, hus, elg og hummar

Tre av dei fire mest lesne sakene handlar om dødsulykker i trafikken, den eine lese 28.300 gongar.

Vi lenkjer ikkje til andre sine tragediar i oppsummeringa av fjoråret, men har valt ut 10 frå topp 40-lista som kan vera verdt eit tilbakeblikk.

Desse sakene er lesne frå 7.500 til 24.000 gongar. Til no.

Midtsiden - utvalde toppsaker i 2019:

Valresultat: Bjørnafjorden kommune og Desse 35 blir medlem av første kommunestyre

Jonas bygger hus i foreldra sin hage

Spetakulær bustad delt opp og lagt ut for sal

Elg påkøyrd i Samnanger

Arefjord stal showet under Bergen Poker Run

Stor stas med oktoberfest i sentrum

Inka fekk milliardkontrakt - bygger fabrikk på 5500 kvm

Leverte kjempehummar til Akvariet

På innsida av nye Osheim

Vil selja det nest eldste huset i Os

Kvar kjem lesarane frå?

40.000 lesarar kjem ikkje alle frå Os, som har 21.000 innbyggarar.

Ifølgje Google Analytics fordeler lesarane våre seg på denne måten geografisk:

1. og 2. plass: Os og Bergen, utgjer i alt 40 %
3. 21 % av lesarane våre bur i Oslo
4. plass på lista er Paris, som står for 3,7 % av trafikken.
5. plass; Fjell.

På dei neste plassane kjem Stavanger, Askøy, Trondheim og Chicago. Fusa er på 12. plass, bak Askøy, Karmøy, Meland og Lindås, framfor Austevoll og Voss.

Topp 5 nasjonar er:
1. Noreg 87,9 %
2. Frankrike 4,66 %
3. USA 2,4 %
4. Spania 1,23 %
5. Danmark 0,51 %

Flest med iPhone

På dagtid fordeler trafikken seg jamt på PC og mobil, i alt døgnet gjennom er telefon mest brukt.

62,2 % av trafiken er på mobiltelefon
24,5 % på desktop (pc/mac og andre store skjermar)
13,3 % les Midtsiden på nettbrett

Apple-produkt er mest brukt, ulike utgåver av iPhone og iPad utgjer heile topp 4 og 6 av plassane på topp 10.

Tre variantar av Samsung og ein Huawei-modell tar dei andre fire plassane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.