Redaksjonen | fem timar sidan

Midtsiden får ny app – gamal app blir ute av drift ein periode

I mellomtida kan du lesa Midtsiden på web, som òg blir fornya.

Midtsiden får ny app – gamal app blir ute av drift ein periode
Midtsiden fekk eigen app i 2024. Denne veka blir den fornya. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 24. aug. 2026 19:14

Midtsiden er i ferd med å få ny app (med same namn). Mens denne er til godkjenning hos eksterne App Store og Google Play vil gamal app slutta å fungera.

Ventetida kan bli nokre timar eller inntil tre dagar. Vi oppdaterer på Midtsiden, og i nyheitsbrev, når ny app er klar. Då vil det visa i App Store og Google Play at du kan oppdatera den.

I mellomtida kan du, som elles, lesa Midtsiden på web, for eksempel Chrome eller Safari.

Tysdag formiddag er Midtsiden over på ny versjon av den tekniske plattforma (CMS-systemet) vi frå før bruker. Dette vil gå saumlaust for deg som lesar, men du må truleg logga inn på nytt.

Det blir i første omgang ikkje mange nye effektar på web, men bildeseriar er forbetra, det blir lettare å dela saker i sosiale media og du kan bokmerka saker på forsida for å samla det du seinare vil lesa.

Meir nytt kjem seinare, når vi har landa i nytt karosseri.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?