Podkast | fire timar sidan

Midtsiden har lansert ny podkast

Første episode ligg ute som både video- og podkast.

Midtsiden har lansert ny podkast
Susann Haukeland Børnes er fast programleiar for podkasten TETT PÅ. Foto: Ørjan Håland / Midtsiden
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnesmåndag 16. mars 2026 16:40

I «Tett på» vil vi koma nærmare ulike menneske frå Osbygda som har noko å dela.

Nytt frå mars: «Tett på»-serien har no blitt podkast!

Podkastepisodane blir filma og publiserte som videokast på Midtsiden. Dagen etter kjem den som lydfil på Spotify og andre stadar der du lyttar.

I første episode møter vi Marita Haugland, som nyleg fekk påvist brystkreft.

Du kan høyra episoden direkte i denne saka ved å trykka på play-knappen nedanfor, eller der du vanlegvis høyrer podkast.

Abonnér gjerne, så blir du varsla når ny episode kjem.

Marita var del av det førebyggjande mammografiprogrammet og gjekk til den vanlege undersøkinga si. Ho kjende ingen kul, og hadde ingen grunn til å tru at noko var gale.

I podkasten fortel ho opent om beskjeden som snudde opp ned på livet – og om korleis ho valde å ta styringa sjølv. Ho snakkar også om kvardagen med kreft, og om korleis det er å bu i ein kommune utan eigen kreftkoordinator.

I TETT PÅ-serien har vi også tidlegare, i nokre episodar, hatt videointervju. Nytt i år er at den kjem fast som video og podkast med minst éin episode i månaden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?