Næringsliv | 02. nov. 2015

Midtsiden har styrka stallen

I vår kom Ørjan Håland med på laget, i oktober blei Cathrin Valestrand tilsett hos Midtsiden AS.

Midtsiden har styrka stallen
F.v.: Cathrin Valestrand, Andris Hamre, Kjetil Vasby Bruarøy, Ørjan Håland og Kari Marie Austevoll Lyssand. (Foto: Linda Valle)
Andris Hamremandag 02. nov. 2015 21:30

Kjetil Vasby Bruarøy, Andris Hamre og Kari Marie Austevoll Lyssand har i år fått to nye kollegaer.

I april blei videojournalist Ørjan Håland engasjert på deltid. Håland var ein av dei som måtte gå då SK Brann kutta utgiftene etter nedrykket i fjor.

Etter seks år på Stadion blei Ørjan tilsett i Os Fotball, både som assistenttrenar og på fotballgymnaset, og supplerer fotballengasjementet med å praktisera sitt andre fagområde hos Midtsiden.

– Håland er ikkje berre dyktig med foto og klipp, han er ein engasjert og kreativ person og ein humørspreiar i redaksjonen, seier redaktør Kjetil Bruarøy.

Erfaren journalist på fulltid

Nyaste skot på stamma er Cathrin Valestrand. Cathrin er opprinneleg frå Stryn, men har blant anna budd i Os før ho og familien bygde seg hus på Strandvik i Fusa.

– Vi skulle til å lysa ut ei stilling då eg kom i prat med Cathrin. Eg kjenner til ein del av arbeidet hennar frå før og fekk eit minst like godt inntrykk av ho etter at vi hadde blitt betre kjent, seier Bruarøy.

Cathrin har blant anna jobba for Os & Fusaposten, som frilans for NTB+ og som samfunnskontakt for NAF.

– Etter to år heime med ungane, og som ringevikar i skule og barnehage for Fusa kommune, kjente eg at det byrja å kribla i fingrane etter å skriva igjen, seier Cathrin.

I midten av oktober byrja ho i ny jobb i full stilling.

– Eg har alltid hatt eit godt inntrykk av Midtsiden og er glad for at eg fekk meg jobb så nær heimen min.

Etterlengta utviding

Bruarøy seier det var på høg tid at Midtsiden fekk utvida arbeidsstokken.

– Vi har ein flittig og engasjert gjeng, men vi har stadig meir vi prøver å dekka og mange lesarar som vi reknar med ventar mykje av oss.

Les òg: Fire rekordmånadar på rad

– Å få inn ein erfaren kollega som Cathrin, som er i full drift frå første time, har allereie betydd mykje.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.