Næringsliv | 10. jan. 2025

Midtsiden utvider redaksjonen yttarlegare

Ørjan Håland kjem tilbake til Smiegården.

Midtsiden utvider redaksjonen yttarlegare
FIRE ÅR ETTER: Videojournalist Håland er tilbake frå 1. februar. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnesfredag 10. jan. 2025 11:02

Videojournalist og fotballtrenar Ørjan Håland (42) er tilbake i Midtsiden-redaksjonen frå 1. februar i år.

Håland blei første gong tilsett i Midtsiden i april 2015, då deltid parallelt med jobb i Varde Film, så parallelt med jobbing som trenar for Os og seinare Fana sine fotballag.

Våren 2022 gjekk Håland, som framleis trener Fana, frå Midtsiden til kommunikasjonsavdelinga til Corvus Energy. No blir det retur til Midtsiden-kontoret i Smiegården.

– Corvus ville auka stillinga mi til 100 prosent, men det passar ikkje meg å ha fulltid på dagtid ved sidan av jobben i Fana. Då var det kjekt å kunna ringa Midtsiden-sjefen igjen, seier Ørjan.

I Corvus jobba han med både intern kommunikasjon og innhald meint for potensielle kundar.

– Det har vore ei spennande og lærerik tid. Å jobba for tidlegare sjef Geir Bjørkeli var dessutan eit eventyr. Eg forstår godt kvifor det ikkje er ein kjeft i maritim bransje, same kvar du er i verda, som ikkje veit kven Bjørkeli er. Han sit på enorm kompetanse og får ting til å skje.

Det mest eventyrlege for Håland sin del blei turen til Seattle for opning av ny fabrikk i Bellingham, med tilhøyrande skidag i fjella i delstaten Washington.

No er det tilbake til lokale nyhende i heimbygda.

Midt i blinken

Redaktør Kjetil Vasby Bruarøy synest timinga er perfekt.

– Vi utvida med to nye journalistar i 2024, og har vakse med over 500 abonnentar frå sommar til nyttår. Det gir rom for yttarlegare utviding.

– Med auka bruk av video, blant anna i video- og podkastserien Sleivkast og i våre sosiale medium, er det midt i blinken å få Ørjan tilbake no, seier Bruarøy.

Han trur han kan få endå større nytte av videokompetansen no enn dei førre sju åra han hadde Ørjan som kollega.

– Vi har ein større redaksjon og fleire som kan vera framfor kamera når Håland filmar. No blir vi rusta til å dekka livet i Os endå betre.

Vellykka fortid

I sin førre, sju år lange periode i Midtsiden produserte Ørjan Håland blant anna videoreportasje-serien «På innsio», der vi fekk koma bak fasaden på alt frå industribedrifter til den vesle, privateigde kyrkja, Lysekloster kapell.

– Den serien blei spesielt godt mottatt, fortel Bruarøy.

Saman med tidlegare kollega Kjetil Osablod Grønvigh laga han intervjuserien SakkoSekkStudio og, under valet i 2019, Duellstafetten.

– Begge desse seriane var vesentlege og viktige, ikkje berre informative og underhaldande.

– Ved sidan av å ha utdanning og erfaring innan videoproduksjon, er Ørjan ein dyktig fotograf og ein effektiv skribent. Og endå meir viktig, han har teft for gode saker og er ein god samtalepartnar, både for kollegaer og intervjuobjekt. Vi gler oss over å få han tilbake.

Om det blir nytt liv i dei gamle videoseriane er foreløpig uvisst.

– Det blir rom for både nye idear og støvtørk av tidlegare, vellykka prosjekt. Vi står uansett i posisjon til å få meir glede og nytte av Håland sine eigenskapar no enn før, grunna både utstyrspark og storleik på redaksjonen, seier Midtsiden-redaktøren.

Når Håland er tilbake blir han kollega med Bruarøy, Susann Haukeland Børnes (underteikna), Marie Kroka og Elin Johnsen i den daglege drifta. Også Nora Flatset Trippestad, i redusert stillingsprosent grunna studier, er del av redaksjonen. I tillegg kjem faste bidragsytarar og spaltistar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.