MidtsidenCup 2018
Her er reglane og årets dato for gatecupen (oppdatert).


Det er snart tid for MidtsidenCup for 18. gong!
I år, som dei to førre åra, blir gatecupen spelt ferdig på éin dag.
Årets dato er laurdag 10. november.
Klassane og reglane er som i fjor, med to unntak (oppdatert 2/10):
1. I herrar elite tel alle frå 5. divisjon og opp som aktive (i fjor blei denne grensa endra frå 5. til 4., men blir altså no tatt tilbake).
2. Dameklassen får redusert aldersgrense, 15 år (i tråd med NFF sine reglar), og to klassar, elite og amatør. Amatørklassen speler 5-arfotball, sånn at det skal bli enklare å samla mange nokspelarar.
• Tilbakeblikk: Sjå samleside for MidtsidenCup
Desse laga spelte finale i fjor:
Dameklassen
1. plass: Nederlaget FC (vann i fjor med namnet No name, No shame)
2. plass: Skøyerstrekane
Mixklassen
1. plass: Superlaget
2. plass: Rett Vest
Herrar amatør
1. plass: Sunday League Football (tittelforsvarar)
2. plass: Svette Koteletter
Herrar elite
1. plass: Kattakve (vann også for to år sidan, med namnet Ståle)
2. plass: Boca Juniors
• Hugs: Følg MidtsidenCup på Facebook
Påmelding
Aldersgrense: Jenter 15 år (fødd 2003), gutar 16 år (fødd i 2002)
Fem klassar: Herre amatør/elite, mix og damer amatør/elite
Pris: 2500 kroner per lag (inntil 15 spelarar/frå kr 167 per spelar)
Pris, damer amatør (5-ar): 2000 kroner per lag
Påmelding: Send namn på lag, klasse og namn og nummer til lagleiar på epost til kjetil@midtsiden.no
Påmeldingsfrist: Søndag 4. november (klasse og namn på lag - betaling kjem seinare)
Betalingsfrist og frist for sending av spelarliste: Måndag 5. november
Betaling: Os Fotball konto 3633.59.99023 (merk med namn på lag).
KLASSAR OG REGLAR
HERRAR AMATØR
• Alle som har spelt offisiell kamp (serie eller NM, på banen i 2 kampar eller meir*) i 2018 tel som aktive, også veteran og gute-/juniorspelarar.
• Du kan ha med maks 2 aktive
• Du får mål imot for kvar aktiv du har med. (Kampen startar med 0-1 eller 0-2 om du har 1 eller 2 aktive med).
HERRAR ELITE
• Ta med så mange aktive du vil.
• Ingen straffe eller baklengsmål, uansett mengde aktive.
DAMER AMATØR, OBS: 5-ar
• Alle som har spelt offisiell kamp (serie eller NM, på banen i 2 kampar eller meir*) i 2018 tel som aktive, også aldersbestemt.
• Du kan ha med maks 2 aktive
• Du får mål imot for kvar aktiv du har med. (Kampen startar med 0-1 eller 0-2 om du har 1 eller 2 aktive med).
DAMER ELITE
• Ta med så mange aktive du vil.
• Ingen straffe eller baklengsmål, uansett mengde aktive.
MIX
• Alle som har spelt offisiell kamp (serie eller NM) i 2018 tel som aktive, også veteran og gute-/juniorspelarar.
• Du kan ha med maks 2 aktive
• Du får mål imot for kvar aktiv du har med. (Kampen startar med 0-1 eller 0-2 om du har 1 eller 2 aktive med).
• Laget må til ei kvar tid ha minst to damer på banen.
ØVRIGE REGLAR, GJELD ALLE KLASSAR:
• 7 til 15 spelarar per lag. (5-10 på damer amatør). Uansett skade eller anna fråvær kan berre påmeldte spelarar stilla for kvart lag. Pass på at du har mange nok til sluttspel!
• 2 x 12 min. omgangar med sidebyte og kort pause
• Puljespel i innleiande rundar, 2-3 beste frå kvar pulje går vidare til sluttspel.
• Ved lik poengsum blir det først sett på målforskjell, så på innbyrdes oppgjer, evt mengde skåra mål eller myntkast.
• Alle sluttspelkampar inkludert finalar blir avgjorte på straffespark dersom det står likt ved full tid. Det er lov å byta keeper til ein evt. straffekonkurranse.