Sport | 10. okt. 2019

MidtsidenCup 2019 - med bankett og bedriftsklasse

Her er dato og reglar for årets gatecup for vaksne.

MidtsidenCup 2019 - med bankett og bedriftsklasse
Aktive, tidlegare aktive og nykomarar er velkomne i ulike klassar i MidtsidenCup. Her frå cupen i 2018. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy) 
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 10. okt. 2019 08:36

Det nærmar seg sesongslutt for dei som speler serie - og gatecup på Kuventræ for både aktive og amatørar.

• Hugs: Følg MidtsidenCup på Facebook

Gatecupen blir spelt på éin dag, dato for MidtsidenCup 2019 er laurdag 9. november.

– Vi har vurdert å flytta cupen innandørs, i tre hallar, men landa på å halda fram på kunsgras ute, fortel Torkel Hjertnes frå sportsleg utval i Os Fotball.

Noko er likevel nytt i årets cup:

1. Eigen bedriftsklasse

– Det har kome nokre spørsmål om dette dei siste åra, og vi har prøvd å landa på reglar som gjer at vi kan få flest mogleg bedrifter med.

OPPPDATERT/ENDRA: Bedriftsklassen var i utgangspunktet ein mixklasse. Den er endra til herre, med valfri mix, og med mogleg bonus om du har med damer. Om ei dame skårar, tel det som to mål!

Alle i troppen må vera tilsett i bedrifta eller vera sambuar/gift med ein i firmaet.

– I bedriftsklassen vil vi berre ha kollegaer og eventuelle ektefelle/sambuarar, men skil vi ikkje mellom aktiv og amatør. Har du mange flinke og aktive fotballspelarar i firmaet ditt, så skal ikkje det vera ei ulempe, forklarer Hjertnes.

2. Aktive og amatørar i dameklassen

I 2017 var det 3-4 lag i dameklassen, i fjor var det ikkje mange nok til at klassen blei spelt.

– Det er vanskeleg å veta kva som skal til for at vi blir mange nok lag. Det er fleire år sidan reine amatørlag har meldt seg på, samtiig er det over 40 aktive fotballspelarar som er gamle nok til å delta.

Det blir lov med 4 aktive per lag, utan å få mål imot eller andre handikap.

– Vi håper at mange av dei aktive tar med seg nokre venninner og stiller lag, eller at tidlegare spelarar tar initiativ, og får med seg nokre av dei som speler aktivt. Målet er minst 6 lag i dameklassen, seier Hjertnes.

• Samleside med bildeseriar og resultat frå tidlegare år: Alt om MidtsidenCup

Påmelding

Aldersgrense: Jenter 15 år (fødd 2004), gutar 16 år (fødd i 2003)
Fem klassar: Herre amatør, herrar elite, mix (amatør), bedrift (mix) og damer
Pris: 2500 kroner per lag (inntil 15 spelarar/frå kr 167 per spelar)

Påmelding: Send namn på lag, klasse og namn og nummer til lagleiar på epost til kjetil@midtsiden.no

Påmeldingsfrist: Søndag 3. november (klasse og namn på lag - betaling kjem seinare)
Betalingsfrist og frist for sending av spelarliste: Måndag 4. november
Betaling: Os Fotball konto 3633.59.99023 (merk med namn på lag).

KLASSAR OG REGLAR

HERRAR AMATØR
• Alle som har spelt offisiell kamp (serie eller NM, på banen i 2 kampar eller meir*) i år tel som aktive, også veteran og gute-/juniorspelarar.
• Du kan ha med maks 2 aktive
• Du får mål imot for kvar aktiv du har med. (Kampen startar med 0-1 eller 0-2 om du har 1 eller 2 aktive med).

HERRAR ELITE
• Ta med så mange aktive du vil.
• Ingen straffe eller baklengsmål, uansett mengde aktive.

DAMER
• Alle som har spelt offisiell kamp (serie eller NM, på banen i 2 kampar eller meir*) i år tel som aktive, også aldersbestemt.
• Du kan ha med maks 4 aktive (du får ingen straff/mål imot for å ha med aktive)

MIX
• Alle som har spelt offisiell kamp (serie eller NM) i år tel som aktive, også veteran og gute-/juniorspelarar.
• Du kan ha med maks 2 aktive
• Du får mål imot for kvar aktiv du har med. (Kampen startar med 0-1 eller 0-2 om du har 1 eller 2 aktive med).
• Laget må til ei kvar tid ha minst to damer på banen.

BEDRIFT (HERRE/MIX)
• Alle spelarane må ha fått løn eller honorar frå bedrifta i 2019, eller vera gift/sambuar med ein tilsett i firmaet
• Det er valfritt å ha damer med. Damer som skårer mål får notert dobbel skåring.
• Den tilsette kan IKKJE ta med andre familiemedlemmar (eigne born, nieser eller nevør f eks)
• Kommunetilsette som stiller lag må jobba ved same avdeling, ingen toppa lag med tilsette frå ulike skular eller liknande.
(Søk om disp til å ta med utanforståande om du manglar spelarar til å stilla lag)

ØVRIGE REGLAR, GJELD ALLE KLASSAR:
• 7 til 15 spelarar per lag. Uansett skade eller anna fråvær kan berre påmeldte spelarar stilla for kvart lag. Pass på at du har mange nok til sluttspel!
• 2 x 12 min. omgangar med sidebyte og kort pause
• Puljespel i innleiande rundar, 2-3 beste frå kvar pulje går vidare til sluttspel.
• Ved lik poengsum blir det først sett på målforskjell, så på innbyrdes oppgjer, evt mengde skåra mål eller myntkast.
• Alle sluttspelkampar inkludert finalar blir avgjorte på straffespark dersom det står likt ved full tid. Det er lov å byta keeper til ein evt. straffekonkurranse.

BANKETT
Informasjon om bankett kjem når alt er klart - og blir sendt ut til alle som melder seg på.

• Hugs: Følg MidtsidenCup på Facebook

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.