Fotball | 09. okt. 2022

MidtsidenCup: I år med galla og dameklasse

Dato og opplegg for årets gatecup er klart.

HAUSTENS RØFFASTE EVENTYR? Her frå gatecupen i 2015. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 09. okt. 2022 17:40

MidtsidenCup hadde berre eitt år koronapause, og gjennomførte i fjor, ei veke seinare enn vanleg grunna damelaget sitt opprykk - få veker før landet stengte ned for siste gang.

I år er Os Fotball tilbake på vanleg dato, andre helga i november, nærmare bestemt laurdag 12. november.

– Det er same dag som årets fotballgalla. Nytt i år er at også deltakarane på MidtsidenCup kan melda seg på gallamiddag, eller festen etter gallaen, begge delar i Oseana, seier dagleg leiar Endre Brenne.

Davy Wathne er konferansier for kvelden, Favn, med Leif Østrem i spissen, speler både supportersongane sine og coverlåtar utover kvelden.

– Vi har hatt rundt 180 deltakarar på gallaene vi har hatt til no, men det er plass til nokre fleire bord under middagen, og vi har plass til endå fleire når bord blir rydda vekk ettermiddag. Det hadde vore veldig kjekt om gatecupdeltakarar vil dela denne fine kvelden med resten av fotballgruppa!

Bildeserie:

Favn ved Leis Østrem speler under gallaen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Davy, her i 2018, er konferansier også i år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Gatecupdeltakarane er velkomne til både festmiddag og dansen etterpå. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Favn ved Leis Østrem speler under gallaen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Davy, her i 2018, er konferansier også i år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 3
Davy, her i 2018, er konferansier også i år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Gatecupdeltakarane er velkomne til både festmiddag og dansen etterpå. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Favn ved Leis Østrem speler under gallaen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Grunna damene sitt opprykk i 2021, og nokre år i forvegen med svak påmelding på damesida, var det ingen dameklasse i fjor.

Den er i år tilbake, men mixklassen er vekke, erstatta av bedriftsklassen, som slo godt an i fjor.

Det er altså lagt opp til fire klassar:
Dameklasse
Bedriftsklasse
Herrar amatør
Herrar elite

Dameklassen har hatt fleire gode lag, som her i 2014. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Praktisk informasjon

(Annonseinnhald)

Tidspunkt og pris
Stad: Kuventræ
Tid: Laurdag 12. november frå ca klokka 10 til 16*
* Cupen blir spelt ferdig på éin dag - men kan starta tidlegare om det blir mange lag påmeldt. Dameklassen får truleg finale i 13-14-tida.

Aldersgrense: 16 år for gutar, 15 år for jenter (fødd i 2006/2007)
Pris, cup: 2500 kroner per lag (inntil 15 spelarar/frå kr 167 per spelar)

Galla og fest i Oseana:
Gallamiddag er frå kl 19.30-23 (pris 495 kroner)
Fest etter gallaen er frå kl 23-01.30 (pris 150 kroner)
OBS! Begrensa mengde plassar på galla og fest.

Påmelding: Send namn på lag, klasse og namn og nummer til lagleiar på epost til marita@osfotball.no

Påmeldingsfrist: Onsdag 9. november kl 12 (endra frå 6/11)
Send gjerne inn påmelding først, med klasse og namn på lag, så kan spelarliste og betaling koma seinare, men innan 6. november må vi ha betaling og liste over spelarar.
Betaling: Os Fotball konto 3633.59.99023 (merk med namn på lag).

Klassar og reglar

DAMER
• Ta med så mange aktive du vil, men berre tre spelarar på banen frå 2. div og opp på banen til eikvar tid.

HERRAR AMATØR
• Alle som har spelt offisiell kamp (serie eller NM, på banen i 2 kampar eller meir*) i år tel som aktive, også gute-/juniorspelarar, men ikkje veteran/oldboys.
• Du kan ha med maks 2 aktive
• Du får mål imot for kvar aktiv du har med. (Kampen startar med 0-1 eller 0-2 om du har 1 eller 2 aktive med).

HERRAR ELITE
• Ta med så mange aktive du vil, men berre inntil 3 spelarar frå 3. div og opp.
• Ingen straffe eller baklengsmål, uansett mengde aktive.

BEDRIFT (HERRE/MIX)
• Alle spelarane må ha fått løn eller honorar frå bedrifta i 2022, eller vera gift/sambuar med ein tilsett i firmaet
• Det er valfritt å stilla med mixlag (herre/dame).
• Den tilsette kan IKKJE ta med andre familiemedlemmar (eigne born, nieser eller nevør f eks)
• Kommunetilsette som stiller lag må jobba ved same avdeling, ingen toppa lag med tilsette frå ulike skular eller liknande.
(Søk om disp til å ta med utanforståande om du manglar spelarar til å stilla lag)
• Ta med så mange aktive du vil, MEN (nytt i år): Har du fleire enn to aktive, får du mål imot per aktive utover to. Eksempel: du stiller med fire aktive mot eit lag med to aktive, så startar kampen på stillinga 0-2.
• Alle som har spelt offisiell kamp (serie eller NM, på banen i 2 kampar eller meir*) i år tel som aktive, også gute-/juniorspelarar, men ikkje veteran/oldboys.

GENERELLE REGLAR - ALLE KLASSAR:
• 7 til 15 spelarar per lag. Uansett skade eller anna fråvær kan berre påmeldte spelarar stilla for kvart lag. Pass på at du har mange nok til sluttspel!
• 2 x 12 min. omgangar med sidebyte og kort pause
• Puljespel i innleiande rundar, 2-3 beste frå kvar pulje går vidare til sluttspel.
• Ved lik poengsum blir det først sett på målforskjell, så på innbyrdes oppgjer, evt mengde skåra mål eller myntkast.
• Alle sluttspelkampar inkludert finalar blir avgjorte på straffespark dersom det står likt ved full tid. Det er lov å byta keeper til ein evt. straffekonkurranse.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod i november

Tilgang til alt innhald i 3 månadar for kun kr 300,-

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Kun kr 300,- i 3 månadar
  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.